24
Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt funksjonsevne Evalueringsrapport Et samarbeidsprosjekt mellom FOUSAM-rapport (Desember 2017)

Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

  • Upload
    haxuyen

  • View
    218

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

Samtalegruppe for foreldre som har

barn med varig nedsatt funksjonsevne

Evalueringsrapport

Et samarbeidsprosjekt mellom

FOUSAM-rapport (Desember 2017)

Page 2: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

1 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Samandrag

Lærings- og mestringstilbodet «Samtalegruppe i barnehagen for foreldre som har barn med

varig helseutfordring», vart gjennomført våren 2017 i eit samarbeid mellom barnehagane i

Tysvær kommune, helsesøstertenesta i Tysvær kommune, Barneseksjonen i Helse Fonna

og FOUSAM.

Bakgrunnen for prosjektet var eit aukande tal på familiar med barn med varige helse-

utfordringar og at mestring av kvardagen er eit viktig tema for denne foreldregruppa.

Samhandlingsreforma har eit tydeleg fokus på tidleg innsats og førebygging, at brukaren skal

få tenester nærmare der dei bur og på ei sterkare brukarmedverknad i tenestene.

Representantar frå alle samarbeidspartane danna prosjektgruppa og var ansvarlig for både

planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjektet. Brukarrepresentant var aktivt med i

heile prosessen.

Utforming av tilbodet bygde på erfaringar frå liknande tilbod i spesialisthelseteneste og/ eller

kommune, samt relevant erfaring og kompetanse. Tilbodet gjekk over fire kveldar og vart

gjennomført i barnehagen sine lokale. Det var eit tema for kvar samling og hovudoverskrifta

var mestring av kvardagen.

Foreldra fekk gruppebasert veiledning og støtte, samt kunnskap og råd gjennom dialog og

erfaringsutveksling. Det vart lagt vekt på gode prosessar og metodar for å skape trygghet og

aktiv deltaking i foreldregruppa.

Prosjektet vart evaluert med spørjeskjema til deltakarane i foreldregruppa og fokusgruppe-

intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering

undervegs i både prosjektgruppe og foreldregruppe.

Evalueringane tyder på at det var nyttig for foreldra å delta, og at samarbeid på tvers og det

å kople pedagogisk oppfølging og helsetilbod, er spesielt viktig for foreldre i målgruppa. At

erfaren forelder var med i gruppa, var òg av stor verdi.

At erfaren forelder medverka i planlegging, gjennomføring og evaluering av tilbodet, vart

opplevd som nyttig av deltakarane i prosjektgruppa. Det er i tråd med nasjonale føringar og

var sentralt for å sikre god kvalitet på tilbodet.

Prosjektgruppa erfarte at tilrettelegging for gode gruppeprosessar i både prosjektgruppe og

foreldregruppa, var viktig for å få til likeverdig samarbeid mellom samarbeidspartane og

tryggleik i foreldregruppa.

Page 3: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

2 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Innhold

Samandrag ............................................................................................................................................ 1

1. Hensikt og mål med prosjektet ................................................................................................... 4

2. Innledning....................................................................................................................................... 4

2.1. Frå idé til prosjekt ................................................................................................................. 4

2.2. Fleire familiar lever med varige helseutfordringar ........................................................... 5

2.3. Samarbeidspartar med erfaring .......................................................................................... 5

2.3.1 Lærings- og mestringssenteret ......................................................................................... 5

2.3.2 Barneseksjonen i Helse Fonna ......................................................................................... 6

2.3.3 Helsestasjonen i Tysvær kommune ................................................................................. 6

2.3.4 Barnehagene i Tysvær ....................................................................................................... 6

2.4. Nasjonale føringar for samarbeid – lokal samhandlingsstruktur ................................... 7

3. Gjennomføring ............................................................................................................................... 7

3.1. Skildring av tiltaket ................................................................................................................ 7

3.1.1 Målgruppe ...................................................................................................................... 7

3.1.2 Innhald ............................................................................................................................ 8

3.1.3 Rekruttering ................................................................................................................... 8

3.1.4 Praktisk ........................................................................................................................... 8

3.2. Brukarrepresentasjon ........................................................................................................... 8

3.3. Forankring og finansiering ................................................................................................... 9

3.3.1. Prosjektgruppe .............................................................................................................. 9

4. Evaluering .................................................................................................................................... 10

4.1. Metode .................................................................................................................................. 10

4.1.1. Data frå deltakarane ................................................................................................... 10

4.1.2. Data frå prosjektgruppa ............................................................................................. 11

5. Resultat ........................................................................................................................................ 11

5.1. Deltakarar............................................................................................................................. 11

5.2. Deltakarane sine erfaringar ............................................................................................... 11

5.2.1. Mestring av kvardagen når barnet har vedvarande helseutfordring ................... 11

5.2.2. Korleis foreldra opplevde å delta i gruppa .............................................................. 13

5.3. Prosjektgruppa sine erfaringar.......................................................................................... 14

5.3.1. Ny samarbeidsarena og samarbeidsform gir muligheiter ..................................... 14

Page 4: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

3 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

5.3.2. Samarbeid gir betre kvalitet ...................................................................................... 16

5.3.3. God arena for deling av kunnskap og erfaring ....................................................... 16

6. Ressursbruk og vidare samarbeid ........................................................................................... 17

7. Drøfting og anbefalingar ............................................................................................................ 18

7.1. Samarbeid i praksis ............................................................................................................ 18

7.2. Rekruttering ......................................................................................................................... 18

7.3. Behov for meir erfaring ...................................................................................................... 19

7.4. Brukarmedverknad og arbeidsmetode ............................................................................ 19

8. Konklusjon ................................................................................................................................... 20

Referansar: .......................................................................................................................................... 21

Vedlegg: Brosjyre foreldregruppe .................................................... Feil! Bokmerke er ikke definert.

Tusen takk

Vi ønskjer å takke foreldra som delte sine tilbakemeldingar både munnleg og via

spørjeskjema.

Kristin Ådnøy Eriksen frå Høgskulen på Vestlandet gjennomførte fokusgruppeintervju med

prosjektgruppa på ein god og trygg måte, tusen takk!

Aksdal barnhage stilte lokale til disposisjon for både planleggingsmøta og gjennomføring av

foreldregruppa, tusen takk, det skapte god ramme for arbeidet.

Barn frå Aksdal barnehage lage flotte teikningar til brosjyre og markedsføring. Tusen takk til

både barna som teikna og foreldra som gav oss lov til å bruke teikningane, det gjorde

brosjyren kjempefin!

Vi i prosjektgruppa har opplevd eit godt og utviklande samarbeid i prosjektet. Me håpar at du

som les rapporten tar erfaringane våre med i inn ditt arbeid for å skape ei god og

samanhengande helseteneste, og spesielt i oppfølging av desse familiane. Håpar òg at du vil

dele rapporten med andre som du tenkjer kan ha nytte av den!

Helsing oss i prosjektgruppa

Anita Weltzien Dalaker, Barnehagane i Tysvær

Kjerstin Wennek Hagland, Helsesøstertenesta i Tysvær (i planleggingsfasen av prosjektet)

Monika Brekke Førland, Helsesøstertenesta i Tysvær (i gjennomføringsfasen av prosjektet)

Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant FOUSAM

Sølvi Heimestøl, Barneseksjonen, Helse Fonna og FOUSAM

Page 5: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

4 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

1. Hensikt og mål med prosjektet

Hensikt med prosjektet var å etablere eit tilbod for foreldre som har barn med varig

helseutfordring, i eit samarbeid mellom Tysvær kommune, barnehagane i Tysvær, Helse

Fonna og FOUSAM.

o Tilbodet skulle planleggjast, gjennomførast og evaluerast i eit samarbeid mellom

partane.

o Tilbodet skulle ha aktiv brukarmedverknad.

Målet med prosjektet var å gi foreldre som har barn med varig helseutfodring, tilbod om å

delta i samtalegruppe, eit lærings og mestringstilbod, i kommunen der dei bur. Tilbodet skulle

gjennomførast innan mars 2017.

Det overordna målet i prosjektet var å styrke deltakarane si rolla som forelder til eit barn

med varig helseutfordring, og slik bidra til at foreldra skulle oppleve auka mestring av

kvardagen og familielivet.

2. Innledning

2.1. Frå idé til prosjekt

Det har frå 2002 vore fleire forsøk på samarbeid om gruppebaserte lærings- og mestrings-

tilbod for foreldre, mellom Barneseksjonen via Lærings- og mestringssenteret og helse-

søstertenesta. Små prosjekt har vore prøvd, men da helsestasjonen først og fremst har eit

førebyggjande perspektiv, har det vore utfordrande å få til varig samarbeid innafor gjeldande

rammer.

I prosjektet «De viktige små»1 ved BUP, vart representantar frå alle miljø som møter små

barn og deira føresette, kopla saman i planlegging av fagdagane «Sped- og småbarns-

dagane». Her vart det knytt kontakt mellom Helse Fonna og barnehagane i Tysvær og det

kom fram at begge partar såg behov for eit gruppetilbod til foreldre som har barn med

vedvarande helseutfordring. I dialog og møte med leiinga for barnehagane i Tysvær

1 Samhandlingsprosjekt ved BUP i Helse Fonna med fokus på dei minste barna og på behandlingstilbod - oppfølging og

kompetanse (2011-2012)

Page 6: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

5 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

kommune, kom ideen om at eit slikt tilbod kunne leggjast til barnehagen. Helsesøstertenesta

og FOUSAM vart invitert inn i samarbeidet og partane vart einige om å gjennomføre eit

pilotprosjekt som vart godkjent som samhandlingsprosjekt i FOUSAM.

2.2. Fleire familiar lever med varige helseutfordringar

Tal frå Helse- og levekårsundersøkinga (1) kan tyde på at forekomst av kroniske

sjukdommar og plager hos norske barn ligg på heile 30% og at den er aukande (2). Helse

Fonna regionen har totalt rundt 42 600 barn og unge. Det vil sei at mange familiar i vår

region har eit eller fleire barn med ekstra utfordringar. Dette kan stille store krav til foreldre

om handtering av barnet sin sjukdom i tillegg til ein hektisk kvardag med små barn. Det kan

påverke både familieliv med kvardagsrutinar, forhold til jobb og samarbeid med barnehage

og nettverk (3 – 7)

2.3. Samarbeidspartar med erfaring

Partane i prosjektet hadde lang erfaring i samarbeid med foreldre, både foreldre til friske

barn og barn med helseutfordringar. Det var eit godt grunnlag for å prøve ut eit nytt lærings-

og mestringstilbod i barnehagen, der partane var saman om heile prosessen.

2.3.1 Lærings- og mestringssenteret

Lærings- og mestringssenteret i spesialisthelsetenesta har lang erfaring med tilbod til

foreldre og familien der barnet har nedsett funksjonsevne. Erfaringane viser at sjølv om

barna sine diagnosar er ulike, opplever foreldre dei same utfordringane når det kjem til

mestring av kvardagen og familielivet. Dei har god nytte av å møte og dele erfaringar med

foreldre i liknande situasjon (8 - 9). Tilboda vert utvikla etter arbeidsmetoden ved lærings- og

mestringssentra, som inneber systematisk brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring

og evaluering av tilbodet. (10)

Forsking knytt til effekt av lærings- og mestringstilbod for vaksne som lever med

helseutfordringar, viser at deltaking i gruppebaserte tilbod med brukarmedverknad gir auka

kunnskap og bevisstheit om eiga helse, samt oppleving av fellesskap, støtte og håp for

framtida. Vidare at deltaking bidrar til å redusera symptom og betre takling av symptom (11).

Vaksne som har barn med nedsett funksjonsevne opplever nokre av dei same resultata ved

å delta i lærings- og mestringstilbod som handlar om korleis takle utfordringar i

Page 7: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

6 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

livssituasjonen (12 -13).

Starthjelp, eit kurstilbod for foreldre som nyleg har fått barn med nedsett funksjonsevne er

eksempel på eit slikt lærings- og mestringstilbod. Det vart utvikla i Helse Fonna i samarbeid

med Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NKLMH) og er no eit

fast tilbod i alle helseregionane. NK LMH har gjort ei systematisk evaluering som

underbyggjer at foreldre har nytte av å møte kvarandre og dele erfaringar, tips og råd, i

tillegg til å få rettleiing av erfarne brukarrepresentantar og fagpersonar. (14)

2.3.2 Barneseksjonen i Helse Fonna

Barneseksjonen har i samarbeid med LMS tilbod om korte og diagnoseretta lærings- og

mestringstilbod for foreldre som nyleg har fått barn med epilepsi, dette er ein del av

pasientforløpet. Dei siste åra har liknande tilbod innan astma, allergi og eksem vorte lagt ned

(15). Nasjonale føringar for oppfølging av barne med diabetes tilseier at dei skal ha

medisinsk behandling og oppfølging i spesialisthelsetenesta fram til dei fyller 18 år. I Helse

Fonna får desse pasientane oppfølging både individuelt og i gruppe .

2.3.3 Helsestasjonen i Tysvær kommune

Helsestasjonen har høg kompetanse på foreldrerettleiing. Dei møter barn og foreldre med

jamne mellomrom og har tilbod om ulike foreldrerettleiingsprogram både individuelt og i

gruppe, til dømes barselgrupper og ICDP- grupper2. Familiane sin kontakt med

helsestasjonen er hyppigast i førskule-alder.

2.3.4 Barnehagene i Tysvær

Barnehagane i kommunen har god pedagogisk kompetanse, lang erfaring med å samarbeide

med foreldre, og dei og møter barn og foreldre i kvardagen. Erfaringa er at tilsette i

barnehagen ofte er dei første foreldra drøftar bekymring med rundt barnet si helse og

utvikling. Aksdal barnehage har erfaringar frå ulike treffpunkt med foreldre og har mellom

anna prøvd ut pappagruppe.

2 ICDP-grupper: International Child Develupment Programme

Page 8: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

7 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

2.4. Nasjonale føringar for samarbeid – lokal samhandlingsstruktur

Samhandlingsreforma har eit tydeleg fokus på tidleg innsats og førebygging og at brukaren

skal få tenester nærmare der dei bur. Vidare er brukarmedverknad i tenestene løfta fram

som eit krav. St. mel.36 (16) understreker at det må leggjast vekt på teamarbeid i både føre-

byggjande tenester og oppfølging av personar med kronisk sjukdom, for å lukkast med

intensjonane i reforma.

Lokale samarbeidsavtalar mellom Helse Fonna HF og dei 18 kommunane i regionen der òg

Høgskulen på Vestlandet er kopla på, gir rom for å vektlegge samarbeid på tvers. FoU-eining

for samhandling, FOUSAM3, vart etablert i samband med innføring av Samhandlingsreforma

og er ei felles forskings- og utviklingseining eigd av partane. Eininga har erfaring med og

kompetanse på prosjektgjennomføring og fasilitering av samhandlingsprosessar, og

koordinerer faglege nettverk som bidrar til samarbeid i praksis. Fagnettverket «Barn og

unge» har oversikt på tilbod til målgruppa i dette prosjektet og korleis tenestene heng saman

(17), og fagnettverket «Læring og mestring» har eit særskild fokus på tilbod til barn og unge i

handlingsplanen sin (18).

3. Gjennomføring

3.1. Skildring av tiltaket

3.1.1 Målgruppe

Målgruppa i prosjektet var foreldre som hadde barn i barnehagealder med varig

helseutfordring, som til dømes astma, diabetes, cøliaki, eksem eller allergi, og som opplevde

at det gav ekstra utfordringar i kvardagen.

3 FoU-enhet for samhandling: www.fousam.no

Page 9: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

8 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

3.1.2 Innhald

Prosjektgruppa utvikla eit lærings- og mestringstilbod bygd på liknande kunnskapsbaserte

tilbod gjennomført i spesialisthelseteneste og kommune, samt lokal relevant erfaring og

kompetanse. Tilbodet gjekk over fire kveldar og hadde eit hovudtema for kvar samling:

«Mestring av kvardagen», «Livet i familien – kunsten å ta vare på kvarandre», «Samarbeid

med barnehage – fritidsaktivitetar – venner» og «Dei gode grensene».

Foreldra fekk gruppebasert veiledning og støtte, samt kunnskap og råd gjennom dialog og

erfaringsutveksling. Det vart lagt vekt på gode prosessar og metodar for å skape trygghet og

aktiv deltaking i foreldregruppa.

3.1.3 Rekruttering

Arbeidsgruppa utforma brosjyre4 som samarbeidspartane hadde ansvar for å formidle til

aktuelle deltakarar. I tillegg vart brosjyra lagt på FOUSAM sine nettsider.

Tilbodet var frivillig og foreldra tok sjølv kontakt for å melde seg på. I barnehagane i Tysvær

vart invitasjon gitt via oppslag, e-post og direkte kontakt med aktuelle foreldre. Helsestasjon

og legekontor hadde brosjyrar på venteromma og helsestasjonen anbefalte tilbodet direkte til

nokre foreldre. Barneseksjonen formidla brosjyra til foreldre frå Tysvær kommune som dei

var i kontakt med i prosjektperioden.

3.1.4 Praktisk

Samlingane gjekk over fire kveldar, ein gong i veka med pause i vinterferieveka. Klokke-

slettet var frå kl. 19.30 til 21.30 første gongen og endra til kl. 20.00 til 22.00 etter foreldra sitt

ønskje. Foreldregruppa møttes i Aksdal barnehage og det vart servert kaffi/ te og litt frukt.

3.2. Brukarrepresentasjon

Arbeidsmetoden ved Lærings- og mestringssentra med systematisk brukarmedverknad vart

nytta (10). Brukarrepresentanten vart rekruttert og følgt opp via samarbeidet med FOUSAM

(19) og var aktivt med i både planlegging, gjennomføring og evaluering av tilbodet.

4 Sjå vedlegg

Page 10: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

9 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

3.3. Forankring og finansiering

Suksesskreteria for liknande etableringsprosessar viser at det er nødvendig å forankre

tilbodet i leiinga på førehand og avklare kven som skal finansiere tiltaket. Prosjektet vart

forankra i leiinga hos samarbeidspartane, gjennomført utan ekstra midlar og som ein del av

partane si drift. Forankring i samhandlingsstrukturen i Helse Fonna-regionen, vart ivareteke

via FOUSAM. Fagnettverket Barn og unge var ressursgruppe og prosjektet var i tråd med

fagnettverket Læring og mestring sin handlingsplan.

Representantar frå partane danna ei prosjektgruppe med ansvar for å planlegge,

gjennomføre og evaluere prosjektet.

3.3.1. Prosjektgruppe

Deltakarar i prosjektgruppa

Anita Weltzien Dalaker, Barnehagane i Tysvær

Kjerstin Wennek Hagland, Helsesøstertenesta i Tysvær (i planleggingsfasen av prosjektet)

Monika Brekke Førland, Helsesøstertenesta i Tysvær (i gjennomføringsfasen av prosjektet)

Janett Lillås Mathiassen, brukarrepresentant FOUSAM

Sølvi Heimestøl, Barneseksjonen, Helse Fonna og FOUSAM

Prosjektleiar

Sølvi Heimestøl

Prosjektgruppa hadde tre møter à 2-2 ½ time frå juli til oktober 2016. Målet med møta var å

utforme opplegget og planlegge gjennomføring og fordeling av ansvar og oppgåver. Det vart

gjennomført et evaluerings- og planleggingsmøte mellom 1. og 2. samling og eit

evalueringsmøte etter gjennomføring av alle samlingane. Det vart òg gjennomført eit

fokusgruppeintervju som avslutning, der målet var å dokumentere erfaringane frå

samarbeidsprosessen.

I alle møta var det fokus på å skape gode samarbeidsprosessar i gruppa og metodar og det

vart nytta verktøy for å skape trygghet og likeverdig samarbeid.

Page 11: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

10 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

4. Evaluering

4.1. Metode

Prosjektleiar har saman med prosjektgruppa hatt ansvar for evaluering av prosjektet. Det vart

samla data i form av tilbakemeldingar frå både deltakarane i foreldregruppa og frå

medlemmane i prosjektgruppa. Handsaming av data vart gjort i eit samarbeid mellom

prosjektleiar, prosjektgruppe og FOUSAM.

4.1.1. Data frå deltakarane

Foreldra som deltok i tilbodet vart spurt om å fylle ut spørjeskjema ved starten av første

samling og ved avslutning av siste samling. Alle deltakarane som var til stades på første og

siste samling samtykka til å delta i evalueringa. For å ivareta anonymiteten knytt til

spørjeskjema, la foreldra sjølv utfylte skjema i samlekonvolutt og limte igjen. Skjema vart

behandla av tilsett i FOUSAM som ikkje var med i prosjektet, og prosjektgruppa fekk

presentert data i eit samleskjema.

Spørjeskjema er bygd på Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse,

sitt evalueringsverktøy for Starthjelp og vart lokalt tilpassa av prosjektgruppa. I førskjema

kryssa deltakarane av for kjønn, blei spurt om kvar dei fekk vite om tilbodet, kor lenge barnet

hadde hatt kronisk helseutfordring og om barnet hadde søsken. Vidare vart foreldra

presentert for utsegn om mestring av kvardagen når barnet har ein vedvarande

helseutfordring. Der skulle dei gradere i kva grad dei var einige eller ueinige på ein skala frå

1-7, der 1 var svært ueinig, 4 var verken eller og 7 var svært einig. I etterskjema vart dei

presentert for dei same utsegna i tillegg til spørsmål om dei opplevde tilbodet som nyttig, om

dei fekk meir kunnskap og om deira oppfatning av organisering og leiing av tilbodet. Siste

side i både før- og etterskjema hadde eit ope felt for «andre kommentarar». Det var 4

deltakarar som svarte på førskjema og 3 deltakarar som svarte på etterskjema, til dels ulike

respondentar svarte før og etter.

På alle dei 4 samlingane vart deltakarane spurt om forventingar i starten av samlinga og

korleis dei opplevde samlinga til slutt. Det vart nytta ulike metodar som biletkort, post it–

lappar, flippover og pedagogisk sol for å få refleksjon og dialog i gruppa. Tilbakemeldingane

vart dokumentert via bilete av verktøya som var i bruk, og som feltnotat og referat. Dette er

teke med som datagrunnlag i evalueringa.

Page 12: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

11 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

4.1.2. Data frå prosjektgruppa

Etter det prosjektgruppa erfarer har det verken lokalt eller nasjonalt, vore gjennomført eit

slikt prosjekt der barnehage, helsestasjon, brukarrepresentant og spesialisthelseteneste

samarbeider likeverdig om utvikling, gjennomføring og evaluering av eit lærings- og

mestringstilbod, og at tilbodet vert gjennomført i barnehagen. Det var difor viktig å få fram

aktørane si oppleving av både tilbodet og samarbeidsprosessen.

Ved avslutning av prosjektet, vart det gjort eit fokusgruppeintervju med prosjektgruppa. Det

vart gjennomført som eit semistrukturert intervju av rådgjevar i FOUSAM og første-

amanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Kristin Ådnøy Eriksen. Prosjektgruppa var

involvert i utarbeiding av intervjuguide.

Det vart òg samla data frå arbeidsprosessen via bilete av verktøy, feltnotat og referat frå

planleggings- og evalueringsmøta.

5. Resultat

5.1. Deltakarar

Det var 5 deltakarar i foreldregruppa, 4 mødre og 1 far, dein eine mora og faren var eit par.

Det var 4 barn representert. Dei fekk vite om tilbodet i barnehagen eller helsestasjonen, 1

fekk tilsendt brosjyre utan å utdjupe frå kven. Barna hadde hatt kronisk helseutfordring frå eit

halvt år til et år (2 stk.), frå to til tre år (2 stk.) og tre år eller meir (1 stk.). Tre av barna hadde

søsken. Barna hadde ulik grad av funksjonsnedsetting og ulike diagnosar.

5.2. Deltakarane sine erfaringar

5.2.1. Mestring av kvardagen når barnet har vedvarande helseutfordring

På grunnlag av datamateriellet sin storleik, og at det til dels var ulike respondentar på før- og

etterskjema, er det uråd å sei noko om foreldra opplevde endring i mestring av kvardagen

etter deltaking i foreldregruppa. Resultata frå etterskjema på desse punkta, er difor ikkje

tekne med her. Like fullt gir tilbakemeldingane frå før-skjema nyttig innsikt i foreldra sin

situasjon.

Figur 1 viser tilbakemeldingane foreldra gav i før-skjema, om korleis dei opplevde situasjonen sin,

relatert til ulike utsegn.

Page 13: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

12 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Utsegn i spørjeskjema

Score5 – Gjennomsnitt

Spreiing i svar

Jeg har kunnskap om hvordan jeg kan ivareta barnet med de ekstra utfordringene det har.

5,0 4 - 6

Jeg har kunnskap om hvordan jeg kan støtte barnet i mestring av hverdagen.

5,2 4 - 6

Jeg kommuniserer godt med barnet. 6 6

Jeg vet hvordan jeg kan bidra til trivsel og glede hos barnet.

6,2 6 - 7

Barnets søsken blir godt ivaretatt. 5 4 - 6

Min partner og jeg samarbeider godt. 5 3 - 7

Mine venner skjønner min situasjon og hva jeg står i.

3,7 3 – 5

Jeg har et sosialt nettverk hvor jeg kan koble av og være meg selv.

4 1 - 5

Jeg har et sosialt nettverk hvor jeg får støtte og råd fra mennesker i samme situasjon.

1,5 1 - 2

Jeg spør familie og venner om hjelp når jeg trenger det.

4,7 1 - 7

Jeg har oversikt og kontroll over situasjonen vår.

5,5 4 -7

Jeg klarer å få oppgavene hjemme til ”å gå opp”.

5,2 4 - 6

Jeg klarer å få oppgavene i jobbsammenheng til ”å gå opp”.

5,2 4 - 6

Jeg håndterer livssituasjonen uten å bli mer sliten enn andre jeg kjenner som er omsorgspersoner for barn.

3 1 - 5

Jeg har godt samarbeid med barnehagen/skolen om barnets helseutfordringer.

5,2 3 - 7

Jeg har god støtte fra helse-stasjonslege/helsesøster og vet jeg kan spørre om råd om nødvendig.

4,5 3 - 6

Jeg har god støtte fra fastlegen i oppfølging av barnets helse-utfordringer.

3,2 1-7

At det var få deltakarar i foreldregruppa bidrog til nær kontakt mellom deltakarane og med

leiarane i gruppa. Foreldra gav uttrykk for at dei opplevde tema for samlingane som

relevante og at dialogen i foreldregruppa gav påfyll for deira kvardag. Dei opplevde å ha

relativt gode kunnskapar om korleis dei skulle ivareta barnet og handtere den medisinske

behandlinga, men at dei var meir slitne enn andre, at det var utfordrande å få kvardagen til å

gå i hop. Vidare at dei hadde liten eller ingen kontakt med andre i liknande situasjon. Fleire

av deltakarane hadde god hjelp av familie, medan andre ikkje hadde familie i nærleiken og

5 Foreldra graderte i kva grad dei var einige eller ueinige i utsegna på ein skala frå 1- 7, der 1 var svært ueinig, 4 var verken

eller og 7 var svært einig.

Page 14: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

13 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

opplevde det som ekstra vanskeleg. Barnehagen vart opplevd som ein god samarbeidspart,

det vart òg helsestasjonen, sjølv om det varierte kor tett denne kontakten var. Når det gjaldt

fastlegen hadde dei fleste lite samarbeid. Dei gav uttrykk for at fastelegen sitt fokus var mest

på medisinsk oppfølging og lite på handtering av kvardagen.

5.2.2. Korleis foreldra opplevde å delta i gruppa

I samtalane under vegs i gruppa og i spørjeskjema etter siste samling, kom det fram at

foreldra sette pris på at det var ein avslappa og uformell tone i gruppa. Dei sette pris på at

samtalen ikkje var for strukturert og på dialog og openheit i gruppa. Dei uttrykte at verktøya

som vart nytta, til dømes bildekort, pedagogisk sol og mestringsblom, var nyttige for å støtta

opp under samtale, refleksjon og erfaringsutveksling. Det å høyre innlegg frå og ha med

erfaren foreldrerepresentant var viktig. Det å møte både foreldre i liknande situasjon og

fagfolk, vart opplevd som nyttig, saman med tid til å stoppe opp og reflektere over eigen

situasjon. Dei uttrykte at det godt kunne vore fleire deltakarar, spesielt da det vart ein del

fråvær i det som i utgangspunktet var ei lita gruppe. Dei opplevde barnehagen sine lokale

som ein trygg og egna arena for gjennomføring av samtalegruppa. Sjølv om me som leiarar

prøvde å etablere ein trygg kultur og gruppa var samde om å respektere ulike oppfatningar,

kan få deltakarar som vart godt kjent med leiarane, ha påverka svara.

Figur 2 viser korleis foreldra ved avslutning på siste samling, oppfatta samtalegruppa, både når det

gjaldt organisering, innhald, leiing av gruppa og utbyte.

Utsegn i spørjeskjema Score6 – Gjennomsnitt

Spreiing i svar

Foreldregruppa ble jevnt over ledet på en god måte.

6,6 6 - 7

Innlegg og deltagelse fra fagfolk var nyttig for meg. 6 6

Innlegg og deltagelse fra erfaren foreldrerepresentant/bruker-representant, var nyttig for meg.

5,3 4 - 6

Samtale/utveksling av erfaring i foreldregruppa var nyttig for meg.

4,6 4 -6

Det var passe antall deltagere i gruppa. 4 3 - 5

Det ble satt av nok tid til pauser. 4 4

Foreldregruppa har gitt meg mer kunnskap om hvordan jeg kan håndtere hverdagen.

4,6 3 - 6

Foreldregruppa har gitt meg nye bekjentskaper med mennesker i lignende situasjon.

5 5

Alt i alt var det nyttig å delta i foreldregruppe. 6 5 - 7

6 Foreldra graderte i kva grad dei var einige eller ueinige i utsegna på ein skala frå 1-7, der 1 var svært ueinig, 4 var verken eller

og 7 var svært einig.

Page 15: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

14 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

5.3. Prosjektgruppa sine erfaringar

I behandlinga av data frå prosjektguppa (fokusgruppeintervju, referat og feltnotat) vart det

naturleg å presentere funna under temaoverskriftene; «ny samarbeidsarena og

samarbeidsform gir muligheiter», «samarbeid gir betre kvalitet», «god arena for deling av

kunnskap og erfaring» og «ressursbruk og vidareføring av tilbodet». For å underbyggje

resultata har prosjektgruppa valt å nytte sitat frå fokusgruppeintervjuet.

5.3.1. Ny samarbeidsarena og samarbeidsform gir muligheiter

Nye aktørar samarbeider

For å kunne prioritere å delta i prosjektet, var forankring hos leiarane i alle organisasjonane

viktig. Samarbeidet mellom barnehage, brukarrepresentant, helsestasjon og

spesialisthelseteneste, der alle aktørane involverte seg i heile prosessen, var nytt for alle i

prosjektgruppa. Fleire hadde erfaringar frå tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid, men ikkje

frå samarbeid mellom desse aktørane. Det kom fram at vegen til å «finne kvarandre» og sjå

muligheiter for samarbeid var noko kronglete. Dei opplevde at det handla om ulik

arbeidskvardag og målsetjing for dei ulike tenestene. Kommunehelseteneste og

spesialisthelseteneste har ulike føringar for tenestene og ulik kjennskap og erfaring med

målgruppa. Fagpersonen i spesialisthelsetenesta kjente målgruppa og opplevde eit behov for

denne type tilbod hos foreldra, medan helsesøstertenesta først og fremst arbeider

førebyggjande og ikkje kjente målgruppa sine behov for tiltak på same måte. Barnehagane

som har den daglege kontakten med foreldra i målgruppa, hadde erfart behovet for eit slikt

tilbod og var klar til å gå inn i prosjektet tidlegare i prosessen enn helsesøstertenesta.

Sitat frå fokusgruppa

«Dette har eg brent for lenge, eg vart derfor så glad da ein kommune ville vere med og eg

fekk kontakt med begge etatane…. Eg har møtt ganske mange foreldre som har barn med

utfordringar etter kvart……. dei har etterlyst dette samarbeidet mellom helsestasjon og

barnehage, og har sagt noko om at det burde vore tettare samarbeid der» (representant frå

spesialisthelsetenesta).

«Det me synes hadde vore ein stor styrke for barnehagen er akkurat dette samarbeidet med

helsestasjon, me jobbe med dei same ongane….» (representant frå barnehagen)

Page 16: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

15 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

«Syntes det var spennande å jobbe på denne måten, samarbeid med barnehagen,

sjukehuset og brukarrepresentant – slik har eg ikkje arbeidd før, med så mange.»

(representant frå helsestasjon)

Ny arbeidsmetode

I arbeid med gruppebasert pasient- og pårørandeopplæring og læring og mestring i

spesialisthelsetenesta, er arbeidsmetoden ved lærings- og mestringssenteret, Standard

metode (10), godt kjent. Metoden byggjer på ei likestilling av brukarkompetanse (erfarings-

kompetanse) og fagkompetanse i planlegging, gjennomføring og evaluering av tilbodet. I

prosjektgruppa var brukarrepresentanten, representanten frå spesialisthelsetenesta og

FOUSAM godt kjent med metoden og losa resten av gruppa gjennom bruken av den.

Prosjektgruppa gav tydeleg tilbakemelding på at metoden fungerte godt i gjennomføring av

foreldregruppa og at involvering av brukarkompetanse i heile prosessen var ein ny og nyttig

erfaring.

«Fordi om utfordringane som du som brukarrepresentant står i til daglig og familiane har vore

forskjellig, så er det veldig overførbare ting, same problemstilling som dukke opp og eg tenke

at om me skal gjere dette seinare så må me ha den foreldrestemma inn og ikkje berre oss

fagpersonar.» (representant frå barnehage)

«……. heilt enig i at det er nyttig å ha med brukarrepresentant, det var nytt for oss å jobbe

slik og det har vore lærerikt for meg.» (representant frå helsestasjonen)

Fokus på prosess

Ei viktig rolle for FOUSAM er å fasilitere samarbeidsprosessar i prosjekt og arbeidsgrupper,

og rådgjevarane i eininga har god kompetanse og erfaring på området. Målet er å skape

framdrift i arbeidet og ta i bruk relevant erfaring og metodar, samstundes som fleksibilitet,

openheit og involvering av dei som er aktuelle, vert ivareteke. Prosjektgruppa var tydeleg på

at for å lukkast, var denne kompetansen viktig inn i både prosjektgruppe og foreldregruppe.

Om prosjektgruppa

«Brukte litt tid på finne form, kva me skulle gjere, der var du veldig ryddig. God brainstorming

på innhald og målgruppe, det var ei god økt i planlegginga. De hadde tankar om og hadde

vore med på noko liknande.» (representant frå barnehagen)

Page 17: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

16 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Om foreldregruppa

«……..å lage ein sånn avslappa og uhøgtideleg stemning og samtidig leda på ein glimrande

måte slik at me kom inn i tema. Kom me utanfor så drog ho det inn igjen, det var fint

strukturert, dei (foreldra) følte seg ivaretatt og alle var med, alle i gruppa.» (representant frå

helsestasjonen)

«Her brukte me jo litt teknikkar og metodar for å få folk på banen, me brukte kort, pedagogisk

sol og mestringsblom der me gav innspel på kva som gir oss påfyll og energi, ja, me som

leiarar òg – det vart ein fin blom til slutt – tenkte at det var ein fin måte å gå i frå kvarandre på

– ut i livet igjen.» (FOUSAM-representant)

5.3.2. Samarbeid gir betre kvalitet

Prosjektgruppa var tydeleg på at ulik fagkompetanse, inkludert brukarerfaring, og samarbeid

på tvers av organisasjonar/ etatar, gav eit tilbod for foreldre med eit anna fokus enn om dei

hadde utvikla det åleine. Ulike perspektiv vart opplevd som utfyllande og givande i arbeidet

og at det bidrog til eit tilbod med god kvalitet..

«Denne gruppa (barn og foreldre) er nyttige å følgje opp tverrfagleg , eg er meir og meir enig

i det» (representant frå barnehage)

5.3.3. God arena for deling av kunnskap og erfaring

Undervegs i samarbeidet og i evalueringa, kom det tydeleg fram at alle deltakarane i

prosjektsgruppa opplevde å ha mykje å lære av kvarandre. Prosjektsamarbeidet gav ein god

muligheit for å dele kompetanse og drøfte utfordringar med ulike perspektiv. Dei opplevde å

kjenne igjen element frå kvarandre si profesjonsutdanning og teorigrunnlag og at det var

utfyllande kunnskap.

«eg òg tenke som helsesøster at eg har lært mykje av dokke i barnehagen, korleis dokke

jobbe, er i kontakt med foreldre heile tida – høyre frå dokkas side er nyttig for meg»

(representant frå helsestasjon)

«det har vore veldig kjekt for meg å sjå samarbeidet mellom helsestasjon og barnehage, kos

dokke plutselig sa at dette har me òg sett, ja, slik tenkje me og, dette må me samarbeide

meir om.» (FOUSAM-representant)

Page 18: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

17 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

6. Ressursbruk og vidare samarbeid

Med relativt få foreldre og innsats frå fire gruppeleiarar, vart det nytta ein del ressursar i

gjennomføring av foreldregruppa i prosjektet. Dette var ein pilot der både erfaringsdeling og

overføring av kompetanse frå spesialisthelseteneste til kommune var viktig. Prosjektgruppa

var einig om at dette samarbeidsprosjektet var å rekne som ei god investering. Om få

rekrutterte deltakarar i foreldregruppa krev endring i den praktiske organiseringa, meiner

prosjektgruppa det er for lite grunnlag til å sei noko om. Erfaring tilseier at nye tilbod treng tid

for å modnast og nå ut til aktuell målgruppe, og ikkje minst at fagpersonane må bli kjent med

tilbodet for å kunne anbefale det til foreldra. Dette samstemmer med erfaringar frå andre

samtalegrupper for foreldre (21-23). Ei av foreldra hadde barn i småskulealder og gav uttrykk

for at utfordringane var mykje dei same, prosjektgruppa tenkjer difor at utviding av

aldersgruppa kan vere aktuelt.

Representantane i prosjektgruppa frå helsestasjon og barnehage var einige om at ein bør

vidareføre piloten i kommunen. Dei såg òg behov for samarbeid på fleire område og

opplevde at prosjektet var ein god start på eit lenge tenkt og ønskja samarbeid. Det kom

fram at etatane ofte veit for lite om kvarandre sine tilbod og at det er behov for oversikt og

samkjøring.

At spesialisthelsetenesta kan delta med kompetanse i gjennomføring av nye tilbod, opplevde

prosjektgruppa som nyttig både med tanke på kompetansedeling og for å styrkje amarbeidet

på tvers av sjukehus og kommune.

«No må me setja oss ned og tenkje på kva me har opplevd og lært og korleis me kan ta det

vidare i vår kommune. Tenkjer at når me gjer ein slik pilot, så kan me ikkje berre la det ligge

der, me er jo einige om at dette har vore positivt og er nyttig for foreldra.» (representant frå

helsestasjon)

«Det hadde vore lurt å samkjørt tilboda våre litt og ikkje trø i kvarandre sine bedd, me bør få

det til på ein meir tverrfagleg måte, det er i alle fall mine tankar om det.» (representant frå

barnehage)

«Me er opptatt av dei same tinga for dei minste og kommunen er opptatt av at alle skal delta

på same kurs og være saman, da veit me kva det er når foreldre kjem til oss og snakker om

ting.» (representant frå helsestasjon)

Page 19: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

18 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

7. Drøfting og anbefalingar

7.1. Samarbeid i praksis

Gjeldande nasjonale (16, 20 -22) og regionale føringar (23) er tydelege på at samarbeid på

tvers av fag og nivå er viktig for at brukaren skal få gode tenester. Prosjektgruppa erfarte i

prosjektet at ulik fag-kompetanse og erfaring var utfyllande, og at nye samarbeidspartar og

ny arbeidsmetode var nyttig og gav tilbod av god kvalitet. Dei var likevel tydelege på at

utvikling av nye samarbeidsformer og tilbod krev både forankring og vilje hos partane, det er

utfordrande å setje av tid i ein hektisk arbeidskvardag. FOUSAM som samhandlingsaktør

med oversikt på samhandlingsfeltet, muligheit for å kople aktuelle partar og bidra til likeverdig

samarbeid, kan vere viktig for å få til slikt samarbeid i praksis. Prosjektgruppa anbefaler fleire

samarbeids-prosjekt der spesialisthelsetenesta deltar med kompetanse i utforming og

utprøving av nye tilbod og at kommunane tar det vidare i drift. Prosjektet peika på at

organisering av pedagogiske tenester og helsetenester i ulike seksjonar i kommunen, gir

utfordringar for samarbeid. Prosjektgruppa erfarer at det kommunale samarbeidet mellom

barnehagane og helsesøster-tenesta er i trå med kommunen sine føringar, mellom anna i

arbeidet med betre tverrfagleg innsats. Dei anbefaler at tilbodet med foreldregruppe vert

vidareført og at samarbeidet vert vidareutvikla til å gjelde innafor fleire område framover.

7.2. Rekruttering

Alle samarbeidspartane deltok i rekruttering av deltakarar til foreldregruppa, det var likevel få

foreldre som meldte seg på. Ut frå erfaring handlar dette om fleire ting. Småbarnforeldre er

travle i utgangspunktet og eit barn med helseutfordring gir ein ekstra hektisk kvardag. Tilbod

på kveldstid gir ein barnevaktutfordring, og med oppfordring i brosjyren om at begge foreldre

burde delta, kan det ha blitt for vanskelig å delta. Samstundes er grupper på dagtid ein

utfordring da foreldra er ein del vekke frå jobb grunna medisinsk oppfølging og sjuke barn, og

ønskjer meir fråvær. Det er difor viktig at foreldra får vite kva tilbodet eigentleg går ut på for å

kunne vurdere om deltaking er rett prioritering inn i deira frå før hektiske kvardag. Dette betyr

at fagpersonar må være kjent med tilbodet slik at dei i møte med foreldra kan anbefale

deltaking som ein del av oppfølginga av barnet og familiens forløp. Det er mange

fagpersonar og fagmiljø som skal nås og som skal integrere tilbodet i sitt arbeid. Erfaringar

viser at dette tar tid og må viast fokus og ressursar. Fastlegane har ei viktig rolle i oppfølging

av barn og foreldre og bør bli informert om tilbodet. Like fullt viser denne evalueringa og

nasjonal evaluering (14) at fastlegane ofte ikkje pratar om dette. Erfaringar tilseier at

koordinerande eining, fysioterapeut, helsesøster og habiliteringstenesta, saman med

Page 20: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

19 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

involverte sjukehuseiningar, er viktige å involvere i rekrutteringsarbeidet. I vårt tilbod hadde

òg barnehagetilsette ei særs viktig rekrutteringsrolle. Erfaringane her gir retning for kor

innsatsen bør rettast når det gjeld å informere om tilbodet og kven ein kan samarbeide med i

rekrutteringsarbeidet.

7.3. Behov for meir erfaring

Samla tilbakemelding frå deltakarane via spørjeskjema, dialog og evaluering, viste at

deltaking i samtalegruppa var nyttig, dette var òg prosjektgruppa si oppfatning. Resultata vert

støtta av forsking knytt til liknande tilbod (8, 9, 11, 12). Det er likevel få foreldre som har

deltatt og det vil vere viktig å gjennomføre fleire tilbod for å samle meir erfaring.

Prosjektgruppa anbefaler at det i tillegg til spørjeskjema vert gjort eit fokusgruppeintervju

med foreldra etter gjennomført tilbod, dette for å få utdjupande tilbakemeldingane. I

fokusgruppeintervjuet med prosjektgruppa kom det fram viktige perspektiv på samhandling

på tvers, nye samarbeidsformer og metodar. Dei anbefaler difor gjennomføring av

fokusgruppe intervju med samarbeidspartar òg ved vidare utprøving av foreldregrupper.

Det er planlagt å gjennomføre foreldregruppe etter same modell som i Tysvær, med lokal

tilpassing, i Bømlo kommune våren 2018.

7.4. Brukarmedverknad og arbeidsmetode

Å utvikle pasientens helseteneste og ha fokus på auka brukarmedverknad individuelt og på

systemnivå, er framheva i nasjonale føringar for helsetenesta (16, 20-22). Arbeidsmetoden

ved lærings- og mestringssentra fordrar systematisk brukarmedverknad i både utforming og

utøving (10). Denne arbeidsmetoden var ny for dei kommunale deltakarane i arbeidsgruppa

og tilbake-meldingane var udelt positive på å ha med erfaren brukar i heile prosessen I

prosjektet hadde FOUSAM ansvar for rekruttering av erfaren brukar samt oppfølging og

honorering. Å finne dei rette brukarane og gje dei oppfølging undervegs, er viktig for å sikre

reell medverknad og likeverdig samarbeid. Utvikling av retningslinjer og system for

brukarmedverknad har vore ein lang prosess i føretaka og det er utvikla god kompetanse og

erfaring som kan delast. Prosjektgruppa anbefaler at brukarmedverknad får eit auka fokus i

utvikling av tenestetilbod i kommunane, at Standard metode vert nytta og at kommunen

vurderer om dei har behov for å utarbeide retningslinjer for brukarmedverknad.

I prosjektet var heile prosjektgruppa involvert i evaluering av både foreldregruppa og av

samarbeidet. Dei opplevde fokusgruppeintervjuet som eit godt verktøy for strukturert

Page 21: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

20 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

refleksjon over både tilbodet, samarbeidet og eiga involvering, og at dette gav grunnlag for

læring om korleis samarbeid kan gjerast neste gong.

«Som metode tenkjer eg det er ein lur ting å gjera. Om det ikkje hadde vore skreve eit ord frå

dette så trur eg denne oppsummeringa er viktig likevel, ikkje alltid me er lika god på det.»

«Fint å oppsummere. Tenkjer at det å reflektere over korleis noko har fungert og kva som

kunne vore gjort annleis og tenkje framover, korleis me kan gjere det, er bra.»

8. Konklusjon

Med bakgrunn i evaluering frå deltakarane i både foreldregruppe og prosjektgruppe ser det

ut som at samtalegruppe i barnehagen for foreldre som har barn med varig helseutfordring,

kan være eit nyttig tiltak. Det gjeld òg måten samarbeidsprosessen har vært gjennomført på,

med samarbeid på tvers av etatar, tverrfagleg innsats og brukarmedverknad. Piloten

understrekar i tillegg at ein samhandlingsaktør med erfaring i fasilitering av

samhandlingsprosessar er viktig, noko som bidrog til eit likeverdig og trygt samarbeid i

prosessen med å planleggje, gjennomføre og evaluere tilbodet.

Det innovative i dette prosjektet er samarbeidet på tvers og kopling mellom pedagogisk

oppfølging og helsetilbod. Dette er ikkje gjort tidlegare og for denne målgruppa i Noreg.

Prosjektet si gjennomføring viser at dette var spesielt viktig for foreldra som deltok. Resultata

frå piloten gir grunnlag for å undersøkja nettopp dette samarbeidet og kva det betyr for

foreldre i det vidare.

Page 22: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

21 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Referansar:

1 Folkehelseinstituttet. ( 2010, 7.mai ). Norske barn er blant de friskeste i verden.

Hentet 30.august 2017 fra https://www.fhi.no/tm/div/nyheter_i_barnehage_og_skole/norske-barn-er-blant-de-friskeste-i/

2 Folkehelseinstituttet. (2014, 7.oktober). Helse hos barn og unge. Hentet 30.august 2017 fra https://www.fhi.no/nettpub/hin/helse-i-ulike-befolkningsgrupper/helse-hos-barn-og-unge---folkehelse/

3 Grue, L. (2011). Hinderløype. Foreldre, barn og funksjonshemming. NOVA rapport 19/2011.

Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, Oslo.

4 Haugen, G.M.D., Hedlund, M. & Wendelborg, C. (2012). ”Det går ikke an å bruke seg sjøl

både på retta og vranga”. Om helsebelastninger, sårbarhet og forebygging i familier med

barn med funksjonsnedsettelse. NTNU Samfunnsforskning AS, Mangfold og inkludering.

5 Lundeby, H. & J. Tøssebro (2009). Livsløp i familier med funksjonshemmete barn. I Tøssebro

J. (red.). Funksjonshemming – politikk hverdagsliv og arbeidsliv (s. 149-164). Oslo,

Universitetsforlaget.

6 Tøssebro, J., Kermit, P., Wendelborg, C. & Kittelsaa, A. (2012). Rapport 2012 Avdelingen

Mangfold og inkludering. Som alle andre? Søsken til barn og unge med funksjonsnedsettelser.

NTNU Samfunnsforskning AS, s.12.

7 Wendelborg, C. og Tøssebro, J. (2009). Helsestatus til foreldre til barn med nedsatt

funksjonsevne. En sammenstilling av data fra HUNT 2 og Forløpsdatabasen FD-Trygd. NTNU

Samfunnsforskning AS, Avdeling for mangfold og inkludering.

8 Berg, B. & Strøm, A. (2012 a). Et annerledes og ensomt foreldreskap. Fontene Forskning 1/12,

s. 56-68.

9 Berg, B. & Strøm, A. (2012 b). Forståelse i særklasse: Foreldregrupper når barnet har store

funksjonsnedsettelser. Sykepleien forskning nr. 4, 2012; 7.

10 Nasjonalt kompetansesenter for læring og mesting (NK LMS). Arbeidsmåten i lærings- og

mestringssentrene: Standard metode 2011-versjon. Hentet 10. nov. 2017 fra https://mestring.no/wp-content/uploads/2012/12/Standard_metode_2011.pdf

11 Stenberg, U, Haaland Øverby, M, Fredriksen, K, Kvisvik, T, Vågan, A & Sandvin Olsson, AB.

Utbytte av lærings- og mestringstilbud. Sykepleien 2017 105(4). DOI:

10.4220/Sykepleiens.2017.61278

12 Nilsen, F.J. (2014). «Erfaringsutveksling som grunnlag for mestring og livskvalitet –

Diagnoseoverskridende samtalegrupper for familier med barn som har nedsatt funksjonsevne og/eller

kronisk sykdom». PhD-avhandling. PhD series No. 48 – 2014, Universitetet i Nordland,

Handelshøgskolen i Bodø.

13 Karlsson, L. (2012). Møte mellom fortellinger – om betydningen av brukerhistorier i lærings-

og mestringstilbud. (Master i sosialt arbeid, Universitetet i Nordland, Fakultetet for

samfunnsvitenskap). Bodø: Universitetet i Nordland.

14 Sandvin Olsson, AB, Fønhus, MS Heimestøl, S & Strøm, A. Når barna har nedsatt

funksjonsevne. Fontene 2016 (4) s. 54-59.

15 Nettverk for læring og mestring i Helse Vest. Årsrapport 2015. Hentet 10.okt. frå

www.helse-fonna.no/samhandling

16 Meld. St. 26 (2014-2015) Fremtidens primærhelsetjeneste – nærhet og helhet

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-26-2014-2015/id2409890/?q=fremtidens primærhelsetjeneste

nærhet og helhet

Page 23: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

22 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

17 Fagnettverk barn og unge i Helse Fonna-regionen. Henta 10.okt. frå

http://www.helsetorgmodellen.net/samhandling/fagnettverk/nettverk-for-barn-og-unge/

18 Fagnettverk læring og mestring i Helse Fonna-regionen. Henta 10.okt. frå

http://www.helsetorgmodellen.net/samhandling/fagnettverk/lms-nettverk/

19 FOUSAM. Retningslinjer for brukarmedverknad. Henta 10.okt. frå

http://www.helsetorgmodellen.net/samhandling/brukermedvirkning/

20 Meld. St. 47. Samhandlingsreformen

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-47-2008-2009-/id567201/

21 Helsedirektoratet.

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/veileder-for-kommunale-frisklivssentraler-

etablering-organisering-og-tilbud

22 Helsedirektoratet

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/rehabilitering-habilitering-individuell-plan-

og-koordinator

23 Helse Vest HF. Helse 2020, punkt 6.2.2.

https://helse-vest.no

Vedlegg:

Page 24: Samtalegruppe for foreldre som har barn med varig nedsatt ... · intervju med prosjektgruppa. I tillegg vart data samla frå feltnotat, referat og evaluering undervegs i både prosjektgruppe

23 EVALUERINGSRAPPORT SAMTALEGRUPPE FOR FORELDRE

Høgskulen på Vestlandet

Bjørnsonsgate 39, 5528 Haugesund

Telefon: 48 24 68 11

www.fousam.no