4
Naturbruk på Mo og Jølser vgs. – Ein skule for utvikling og skaparglede! Hefte om vidaregåande opplæring for deg som vil vite meir om ei framtid innanfor naturbruk. mojo.vgs.no

Naturbruk ved Mo og Jølster

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Brosjyre for yrkesfagleg utdanning ved Mo og Jølster vidaregåande skule i Sogn og Fjordane.

Citation preview

Page 1: Naturbruk ved Mo og Jølster

Naturbrukpå Mo og Jølser vgs.

– Ein skule for utvikling og skaparglede!

Hefte om vidaregåande opplæring for deg som vil vite

meir om ei framtid innanfor naturbruk.

mojo.vgs.no

Page 2: Naturbruk ved Mo og Jølster

Skulen tilbyr:VG1 Naturbruk VG1 Naturbruk, med vekt på hest

VG2 Landbruk og gartnarnæring VG2 Hest- og hovslagarfag

VG3 Landbruk VG3 Naturforvalting (studieføre-

buande VG3 innan naturbruk) VG3 Allmennfagleg påbygging

(Generell studiekompetanse for yrkesfagleg utdanningsprogram)

VG2/ VG3 Agronomutdanning for vaksne (fjernundervisning med samlingar).

YrkeskompetanseVG3 Landbruk gir yrkeskompetanse som agronom

Generell studiekompetanseNaturforvalting eller allmennfagleg påbygging gir generell studie- kompetanse, noko som opnar døra for høgare utdanning.

Skulen tilbyr også – Korte fagkurs– Sertifiseringskurs– Sommarkurs– Seminar- og møteverksemd

(Sjekk våre nettsider tidvis for meir info om komande kurs)

Naturbruk – for deg som

vil ha naturen som leveveg!

mvh;) oss på Mo & Jølster vgs.

Natur som leveveg?Likar du natur og dyr då er naturbruk vegen å gå! Det er mange vegare vidare og du får eit annleis studie, med mykje praksis og mange ulike aktivitetar.

Page 3: Naturbruk ved Mo og Jølster

Natur som leveveg?Naturbruk

Grafikk |

Fag fordelt på VG1-VG3

VG 1 VG 2 VG 3

Naturbruk med vekt på hest

Landbruk og gartnerinæring

Hest- og hovslagarfaget

Allmenfagleg påbygging

Landbruk

Naturforvaltning

StudiekompetanseMange av dei som går på Mo vel å ta Naturforvalting eller Allmennfagleg påbygging. Dette studiet gir generell studiekompetanse, noko som opnar døra for høgare utdanning på høgskule eller universitet.

Landbruk (Agronomutdanning)Svært mange yrke i arbeidslivet vil verdsette den praktiske utdanninga ein får på Mo.

Du vil sjølv også erfare at du får ei allsidig og god ballast i yrkes-utdanninga di, enten du vel å avslutte skulegangen etter Mo eller du vil studere vidare.

Kompetanse og erfaring frå landbruk kan knytast til ei rekke yrkesområde som t.d. driftsleiar, avløysar, maskinkøyrar, rettleiar innan landbruket med meir.

Meir info:mojo.vgs.no

Er du spesielt interessert i hest kan du kombinere ei målretta utdanning med hobbyen din.

Skulen har stallplass slik at du kan ha med deg din eigen hest. Som elev har

du tilgang til ridebane, travbane og hinderløype. Det ligg også føre planar om ein eigen ridehall.

Etter to år på Mo har du høve til å gå ut som lærling i Hest- og hovslagarfaget.

Hest- og hovslagarfag

Naturbruk, QR:

Page 4: Naturbruk ved Mo og Jølster

Kvifor Mo og Jølster?– Ein

skule for

utvikling

og skapar-

glede!

DESIGN/ PRODUKSJON: Medium og kommunikasjon på Mo og Jølster vgs.

TEKST: Mo og Jølster vgs.

FOTO: Marte Aleksandra Djupvik Torbjørn Frøysland

• Mo har ei 150-års historie innan landbruk, og har opparbeidd solid kompetanse på området.

• Skulen har eit unikt miljø for deg som vil dyrke inter-essa for dyr og gardsdrift. Det er bygd eit nytt fjøs til ku, sau, gris og fjørfe. På garden blir det dyrka potetar og ei rekke grønsaker. Skulen har også gardsutsal og eige foredlingsanlegg for kjøt og fisk, som blir brukt i under-visninga.

• På Mo kjem elevane frå mange stader i fylket. Dei fleste vel å bu på skulen sitt internat. Her får du frukost, lunsj og middag. I tillegg har du tilgang på eige elev- kjøkken. Skulen har fellesareal med TV-rom, peisestove og treningsrom.

• Skulen har eit stabilt skulemiljø som er «akkurat passe stort» til at trivsel og fagleg utvikling går hand i hand.

• På VG2 kan elevane danne si eiga ungdomsbedrift, og få praktisk erfaring. Skulen har hatt fleire premierte ungdomsbedrifter.

• Skulen har internasjonalt samarbeid gjennom elev- utveksling med Sverige. Dette er lagt til Vg3 Landbruk.

Infohefte om programfaget Naturbruk v/Mo og Jølster vgs.