18

Kunsten aa komme heim

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Kunsten aa komme heim, essay, Hovland

Citation preview

Page 1: Kunsten aa komme heim
Page 2: Kunsten aa komme heim

Ragnar Hovland

Kunsten å komme heimog andre essay

SamlagetOslo 2011

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 3

Page 3: Kunsten aa komme heim

© 2011 Det Norske Samlaget

www.samlaget.no

omslag: Stian Hole

foto på omslag: Tom Henning Bratlie

Foto s. 183 er henta frå Fotoarkivet v/Johan Ottesen

førtrykk: Samlaget

skrift: Minion 11/13,5

papir: 90 g Munken Premium Cream

trykkeri: AIT Otta AS

Printed in Norway

isbn 978-82-521-7766-4

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 4

Page 4: Kunsten aa komme heim

Innhald

Forord 9

Dr. Hovlands testamenteFarvel til fiksjonen og velkommen tilbake 11

Fiksjon eller ikkje-fiksjonEit anna land 20

Portrett av kunstnaren som full mannOm prosaen til Dylan Thomas 28

Aldri meir, sa ramnenEdgar Allan Poe, fritt etter minnet 34

Charles Dickens 40

Men han, som sagt, var ikkje opplagt til lovsang nett nåOm Olav Duuns Menneske og maktene 46

Ferjer 57

Dei små ting 60

5

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 5

Page 5: Kunsten aa komme heim

Fridommen finst ikkjeOm Mark Twain og Tom Sawyer 61

Bussane er mjuke å ta påOm Raymond Queneaus Stiløvingar 67

Det vakre, det triste og det grusommeOm Boris Vian og Dagenes skum 74

Kom tilbake, Jeeves! Straks!Om P.G. Wodehouses forfattarskap 81

Når røysta frå det ukjende kallarOm Jakob Sandes dikting 87

Reiser 98

Held dei seg ikkje for øyrene no, så gjer dei det aldriOm det vulgære i Ragnar Hovlands romanar 110

Orgelet og eg 119

Den dagen Stuart fann opp melankolienOm E.B. Whites Stuart Mus 124

Kvifor kjem elefantane? 130

La oss skremme ungane noko skikkeleg! 133

Då nettene var varme og lyse og det skjedde ting heile tidaOm Tove Janssons Sent i november 146

6

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 6

Page 6: Kunsten aa komme heim

«Han ventet seg mye av begravelsen sin.»Om Peter Bichsels Egentlig ville fru Blum bli kjent

med melkemannen 152

God natt, du halvråtne pære!Om Arild Nyquists Dexter og dodater og

Frakken tegner og forteller 158

Papirbrettingas velsigningOm István Örkénys Familien Tót 163

Først trodde han det var en veiOm Tor Åge Bringsværds Bazar 169

Belmondo i gårEi historisk oversikt. Om Åtte fra Bergen,

det som kom etter, og det som aldri blei 175

Noko manglar 183

Prestegardsliv i 60-åra 187

Fritt etter minnetOm å vere utan bøker, og mangt anna 193

Egentlig skulle vi hatt et sted på landetOm Johan Borgens Far, mor og oss 199

Eit komisk meisterverkOm Rolf Sagens Springfart ved fjorden 204

7

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 7

Page 7: Kunsten aa komme heim

Viktig melding om poesiens framtidOm Paal-Helge Haugens Sangbok 210

Richard BrautiganEit liv. Ein død. Eit verk 215

Thomas Pynchon og eg 222

Livet med DonaldEit forord «til glede for gamle og nye lesere» 226

Rostrilongitudekvotientens manglarOm Jon Gisles Donaldismen 233

Dette Jølster 239

Kunsten å komme heim 245

Wonderland, så lenge etterpå 249

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 8

Page 8: Kunsten aa komme heim

Forord

Unødvendig med desse fororda, vil den forordskep-tiske lesaren tenkje. Men eg har tidlegare stått fram

som ein mann som liker forord og meiner dei er på sinplass, ei lita og roleg stund før det heile brakar laus.

Eg trur elles at dei tekstane som følgjer, forklarer segsjølve. Det er eit utval ikkje-skjønnlitterære tekstar, skrivnei løpet av det siste tiåret. I dei to tidlegare essay bøkenemine, Konspirasjonar (1991) og Om å stå i si tid og fryse påryggen (gøymd i boka Åleine i Alpane frå 1999), fanst detskriftstykke om svært ulike emne. Denne gongen har egavgrensa det til å handle om bøker og om reiser, i vid for-stand. Dei heilt vesentlege tinga.

Det meste av dette er omarbeidde versjonar av tekstarsom har stått på trykk i ymse publikasjonar, ikkje minst iGod Bok-spalta i Klassekampen, eller vore nytta i andresamanhengar. Her har eg, så langt eg har makta, kuttabanda til dei tidlegare samanhengane. Og det kjennest rettå få samla dette stoffet i éi bok, så veit eg kor eg har det.

Ein av tankane er sjølvsagt at boka skal vise nokre avmine eigne lesegleder (med håp om å kunne føre enkeltelesarar fram til forfattarskapar og bøker dei ikkje kjendeså godt frå før), og mange av tekstane fungerer nok ogsåsom kommentarar til min eigen skjønnlitterære forfat-

9

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 9

Page 9: Kunsten aa komme heim

tarskap. Og iallfall viser dei meg både kor eg kjem frå, ogkor eg har gått som skrivande menneske.

Det kjennest også både godt og rett å tenkje seg om littog å få framheve andre.

Så vil eg takke forlaget som både har lokka meg til å giut denne boka og har gitt meg god hjelp i å sortere mate-rialet og til å utøve heilt nødvendig sjølvkritikk. Eg håperdå at lesaren vil bere over med alle gjentakingar og meddei manglar som er lette å finne.

Då kan det heile begynne.

Oslo 08.01.2011

Ragnar Hovland

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 10

Page 10: Kunsten aa komme heim

Dr. Hovlands testamenteFarvel til fiksjonen og velkommen tilbake

Eg registrerer at eg no har godt og vel tretti år bak meg ilitteraturbransjen. I løpet av desse tretti åra har eg

gong på gong uttalt meg om litteratur og om forfattarar,døde og nolevande, norske og utanlandske, innan allesjangrar. Her følgjer ei ikkje heilt fullstendig liste over for-fattarar eg har skrive om, kort eller langt, eller meir uttaltmeg om i forbifarten i rosande ordelag: François Rabelais,Charles Dickens, Arthur Rimbaud, Edgar Allan Poe, søst -rene Brontë, Mark Twain, Lewis Carroll, Greven av Lau-tréamont, E.B. White, A.A. Milne, Alfred Jarry, GuillaumeApollinaire, Franz Kafka, Flann O’Brien, Gertrude Stein,Bruno Schulz, Raymond Queneau, Boris Vian, P.G.Wodehouse, James Joyce, Samuel Beckett, Dylan Tho-mas, Tove Jansson, Kurt Vonnegut, Ray Bradbury, Geor-ges Perec, Ernst Jandl, Sarah Kirsch, Ulla Hahn, ThomasTranströmer, Henrik Nordbrandt, Mati Unt, RichardBrautigan, Donald Barthelme, Thomas Pynchon, IvorCutler, Peter Bichsel, Istvan Örkény, John Lennon, PatrickModiano, René Belletto. Og norske: Henrik Wergeland,Knut Hamsun, Olav Duun, Jakob Sande, Rolf Stenersen,Zinken Hopp, Olav H. Hauge, Arild Nyquist, Olav Angell,Tor Åge Bringsværd, Jan Erik Vold, Sissel Bjugn, Dag Sol-

11

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 11

Page 11: Kunsten aa komme heim

stad, Einar Økland, Paal-Helge Haugen, Kjartan Fløgstad,Rolf Sagen, Cecilie Løveid, Jon Fosse, Fam Ekman, RolfLarsen, Steffen Kverneland. Få kvinner? Ja, ikkje så mangekvinner.

Mange av desse har eg uttalt meg om på oppmodingfrå oppdragsgivarar av diverse kaliber, andre har egsnakka om heilt frivillig. Her er britiske, irske, franske,tyskspråklege (Sveits, Austerrike, Tyskland), amerikanske,nordiske, og enkeltinnslag frå Polen, Ungarn og Estland.

Ein må kunne gå ut frå at denne lista speglar milesing, ikkje berre i vaksen alder, men også i ungdommenog til ein viss grad barndommen. Som vår mann GrahamGreene har sagt: «Det er kanskje bare i vår barndom atbøker har noen dypere innflytelse på vårt liv.» Og det erdet lett å underskrive på, iallfall om ein strekker barn-dommen til ca. 20 år. Og lista må såleis kunne seiast å vereein viktig del av min private litterære kanon. (Mens berreein liten del av desse forfattarane kan seiast å tilhøyre ver-das eller Norges litterære kanon.) Her er mest prosaistar,men også lyrikarar og dramatikarar, og folk som først ogfremst blir rekna som barnebokforfattarar. Mykje avant-gardistar av forskjellig støyping, men også forholdsvismainstream og eit par verkelege tradisjonalistar. Men forall del, dette er svært langt frå å vere ei slags fullstendigliste over forfattarar av bøker eg har lese og likt!

Men likevel, lista røper fleire ting, ikkje minst at eg harstore og gapande hol i mi lesing, særleg når det gjeld eldreog nyare klassikarar. Og hadde eg ikkje i si tid kosta påmeg eit grunnfag i litteratur ved universitetet i Bergen,ville hola sett endå mykje svartare ut. Og av og til undrasteg over kva eg har gått glipp av, og om det eg har gått

12

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 12

Page 12: Kunsten aa komme heim

glipp av, ville gjort noko med meg, og i tilfelle kva. Kvaville til dømes den ulesne Thomas Mann kunne ha gjortmed meg? Og kunne Dostojevskij muligens ha komme tilå forandre livet mitt?

Lista inneheld nokre absolutte og udiskutable klassi-karar, eldre og moderne, men elles kan den ved førsteaugnekast sjå litt tilfeldig samanraska ut og avslører tru-leg framfor alt at lesaren har studert fransk.

Og skal eg vere heilt ærleg, så finst det vel forfattararpå denne lista som eg kanskje ikkje har vore så interesserti, men som eg fann ut at det gjekk no an å skrive noko omlikevel, for pengar.

Og lista ser ut til å røpe meir enn som så. Først ogfremst kanskje at dei store, realistiske forteljarane er i eitørlite mindretal. Dei store forteljingane glimrar nestenmed sitt fråvær. Visseleg er Charles Dickens, Jane Austenog søstrene Brontë store og gode forteljarar, men nokoninkarnasjon av den realistiske romanforfattaren er ingenav dei. Det same gjeld Olav Duun. Lista avslører i tilleggein manglande fascinasjon ved visse innflytelsesrike ret-ningar innan modernismen, kanskje først og fremst denfranske nyromanen.

Lista er dominert av pre- og postsurrealistar (mens egfort har gjort meg ferdig med sjølve surrealismen), avmodernistar av ymse legningar, absurdistar, profilgenera-sjonistar og elles offbeatfigurar av forskjellig slag. Det errett og slett ei umogen liste! Rett nok manglar sentralepubertetsnamn som Kerouac, Tolkien, Mykle og Bjørne-boe, men likevel. Det er ei liste som fyller meg med eitvisst ubehag, om enn også med stor, retrospektiv glede.Og med ein mistanke om at eg på eitt eller anna tids-

13

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 13

Page 13: Kunsten aa komme heim

punkt blei lokka bort frå den Store Litteraturen utan heiltå vende tilbake. (Eit spin-off-produkt av dette mulegefenomenet er ein langt framskriden aversjon mot sværttjukke bøker.) Og med ein annan mistanke om at eg rettog slett kan ha stagnert litt i mi lesing. Iallfall om ein serpå dei store linjene. At eg kan skryte av at eg har lese heileUlysses på ein sommar og opptil fleire bind av På sporetav den tapte tid, utan at det kjendest som rein pliktlesing,er ikkje nok til å svekke det generelle inntrykket. Og stund -om når eg sit saman med kollegaer over eit glas og pratengår, hender det at eg blir fylt av eit djupt mismot. Såmykje dei har lese! Er det i det heile noko dei ikkje harlese? Til lykke for meg sjølv har eg gjerne eit slags genereltinntrykk av, og ein viss kunnskap om, mange av dei for-fattarane eg ikkje har lese – det er trass alt klassikarar deter snakk om – slik at eg i mitt mismot ikkje treng å falleheilt ut av samtalen.

Men klassikarar, altså, korleis skal ein forhalde seg til dei,om dei no er moderne eller umoderne? Eit klassisk verkkan ein kanskje definere som eit verk som er kjent i vårtid, og ofte også var det i si samtid, som på ein eller annanmåte har levd vidare, som framleis blir snakka og skriveom, som til og med framleis blir lese, iallfall av ei mindregruppe menneske, som i enkelte tilfelle har hatt innflyt -else på seinare bøker, i tillegg til at det finst ein slags all-menn konsensus om at det er eit verk av uvanleg høg litte -rær kvalitet.

Men om det er naturleg for mennesket å lese klassika-rar, så er det ikkje like naturgitt at det gir mennesket storegleder. Då eg for eit par år sidan sat i eit elevert utval som

14

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 14

Page 14: Kunsten aa komme heim

skulle plukke ut den offisielle norske litterære kanon,kom det frå ein av dei høgverdige medlemmene: Men erikkje denne boka eigentleg ganske kjedeleg? (Skal ikkjeseie kva for bok det galdt.)

Og ein litteraturprofessor i same utval svarte litt etter-tenksamt: Men er ikkje stor litteratur ofte litt kjedeleg?

Eit stort og sentralt spørsmål, dette. Kor kjedeleg skalden store litteraturen tillate seg å vere? Og må den vere det?

Mi lesing ber truleg preg av forsøk på nettopp å sleppeunna kjedelege klassikarar og heller søke etter forfattararsom på ymse vis har prøvd å bryte med keisemda. Einkan seie, iallfall her, og så lenge ingen spør etter bevis, atdei fleste forfattarar liknar på kvarandre på merkverdigvis. Om ein berre ser på setningane og ikkje kva dei inne-held, så er det ikkje lett å skilje forfattarar frå kvarandre.Eg har då i mi lesing mest besøkt forfattarar som nettopper lette å kjenne att, som har si personlege røyst og si eigaskrift – ein treng ikkje ha lese mange setningar for åkjenne att Dylan Thomas, Richard Brautigan, FlannO’Brien, Arild Nyquist eller Gertrude Stein – som står forein leik i alvoret, for litterær frekkheit og opposisjon. Somgjerne er lærde og enkle samtidig. Som er morosame utanå gjere noko vesen av det, og som ikkje skil i særleg gradmellom humor og alvor. Som er poetiske utan å øydeleg-gje for seg sjølve med for krampaktige eller klisjéfyltemetaforar. Forfattarar som er vanskelege heilt å rubrisere.Litterære einstøingar. Forfattarar med noko litt eventyr-leg hengande ved bøkene sine. Forfattarar som har voreinspirerande for andre forfattarar, og som skin med eitunderleg lys i natta.

Eg har, for å seie det litt enkelt, vore meir på jakt etter

15

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 15

Page 15: Kunsten aa komme heim

forfattarar som skriv flotte og uvanlege setningar, enn deisom er til dømes psykologisk djuptloddande, dei som vilskildre heile samfunn med alle sine mekanismar ogsamanhengar, dei som vil prakke på meg lagnader ellerslektshistorier eller problem som dei vil eg skal ta inn overmeg, eventuelt kjenne meg att i. Eg har søkt forfattararsom skildrar univers som ligg litt på sida av det vi kjenner,univers som er draumeaktige, poetiske, eventyrlege ogbarnlege, som har sine eigne lover og sin eigen logikk. I til-legg har eg søkt til forfattarar som ikkje dyrkar det per-fekte, som er ujamne, som viser sine svakheiter, at deiikkje kan vere på høgd med seg sjølve absolutt heile tida.

Vi kan kanskje seie at lesinga er prega av jakta på mange-len på skakande litterære opplevingar. Skaka kan eg bli imitt eige liv. Og dette er, vel å merke, ikkje noko forsvarfor underhaldningslitteraturen, som eg heller ikkje erimot, men som er noko heilt anna. Eg vil helst bestemmesjølv kva og kor mykje eg vil føle, og kva eg vil ta inn overmeg. På same måten som det nesten er ei umuleg opp-gåve å lokke meg til å gå og sjå ein kvardagsrealistisk filmom folk som har det vondt og vanskeleg og ikkje fårorden på liva sine, som drikk og skil seg og aborterer ogbankar kvarandre, er kvardagsrealistiske romanar, utanstørre litterære ambisjonar, noko eg stort sett berre les ieigenskap av litterær konsulent. Og dersom eg søkerstørre kunnskap om og innsikt i bestemte emne, vil egheller gå til sakprosaen og essayistikken.

Denne min smule skepsis overfor den store littera -turen (eller den sterke litteraturen, som enkelte yndar åkalle den) og kva den kan eller vil gjere med meg, har gitt

16

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 16

Page 16: Kunsten aa komme heim

seg litt sære utslag. Til dømes at eg har fått eit rykte for åomfamne heile populærkulturen. Og her er vi ved under-tittelen på denne artikkelen. Til tider har eg funne detmeir givande og meiningsfylt å lese bøker som ikkje ermeinte å vere stor litteratur. Forfattaranes dagbøker,notatbøker, artiklar, reisebrev, skisser, ufullførte tekstar,tekstbrokkar. Dei tekstane som ligg bakom eller attmedeller under dei store tekstane. Og som til dels ikkje er blittskrivne med tanke på publisering. Eg har til og med gåttut og sagt dette offentleg, utan å tenkje på at dette harkunna verke som ei avstandstaking frå alle dei verkelegelesarane der ute, dei som er fulle av kjærleik til den storelitteraturen, dei store fiksjonane. Som ein slags implisittpåstand om at dei har gjort noko feil.

Det var likevel ikkje meininga. Men det handlar altsåom tekstar der ein tilsynelatande kjem nærmare innpåforfattarane, tekstar der dei avslører seg meir, der dei ermindre påkledde, mindre maskerte, der dei viser at det ereit slit, men gjerne også ei glede. Der dei viser seg sommenneske, rause og smålege, svikefulle, alkoholiserte,oppglødde, deprimerte. Men kanskje først og fremst atdei lever heilt vanlege liv, der det stort sett ikkje skjer såmykje frå dag til dag. Det er ein type tekstar som har gittmeg store gleder, frå dagbøkene til Henrik Nordbrandt ogRichard Brautigan til avisspaltene til Flann O’Brien ognotatbøkene til Claes Hylinger.

Noko av det paradoksale med dette er at eg jo aldri harvore spesielt interessert i forfattarar og deira liv generelt.Og eg er fullt medviten om at eg nok ikkje hadde lesedesse bøkene om eg ikkje hadde lese romanane eller dikt-samlingane deira frå før.

17

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 17

Page 17: Kunsten aa komme heim

Slike vegar har eg altså gått, ofte på ville heia, i mørkeog kald vind. Og eg tilstår at eg har vore lei av heile fik-sjonslitteraturen. Det er så mange bøker der ute, og begyn-ner ein først å tenkje etter kor mange bøker det eigentleger, og som ein aldri får sjansen til å lese, så begynner detlett å svimle for ein. Og desse forfattarane finn på så mykje,og det er så lett å gjennomskode at dei finn på alt saman,og kvifor skulle alle desse påfunna angå meg?

Eg veit at eg med dette står fram som gammal og mat-lei, etter ein mannsalder med pliktlesing. Gammal har egingenting imot å vere, men matleie folk fortener ingensympati.

Og eg kjenner at eg ikkje berre er trøytt av usannsyn-lege historier, men også litt av dei bøkene som er så intri-kat oppbygde og flinke, som nokre av bøkene til eit par avmine favorittforfattarar, Raymond Queneau, han medStiløvingar og Zazie i metroen, og Georges Perec, Livetbruksanvisning, forfattarar eg stadig har vendt tilbake til,og som begge har bygt opp enkelte av bøkene sine ettermatematiske formlar og andre sinnrike system.

Etter tretti år kan eg spørje meg sjølv: Kor interessantvar no dette i lengda? Er det ikkje litt tørt og flinkt?

Blir det ikkje i lengda like uinteressant som å lesebøker om unge menn som bruker dagane sine på å drikkeøl og kjøre bil?

Utan at dette spørsmålet vil hindre meg i å lese om attbøker av Queneau og Perec, sjølvsagt. Men samtidig medein tanke om at mi stadige tilbakevending til bestemteforfattarskapar vitnar om ein viss stagnasjon, om einhang til meir av det same, meir enn litterær nyfikne oglyst til å oppdage noko nytt. (Her må eg leggje til at i

18

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 18

Page 18: Kunsten aa komme heim

mange av dei tilfella då folk har vist meg bøker av forfat-tarar eg ikkje hadde lese, og som dei trudde ville verenoko for meg, er eg blitt skuffa.)

Men det å ta avstand frå fiksjonen, til liks med andrelitt for kategoriske litterære standpunkt, vitnar sjølvsagtogså om eit umodent sinn. For sanninga er ikkje éi, den erikkje realisme eller modernisme, men kan vere alt på eingong. Alle dei beste realistiske bøkene frå vår tid harmodernismen som nødvendig føresetnad. Ein skriv ikkjebøker i nokon uskyldstilstand, ein kan ikkje late som omingenting har skjedd.

Dette kan eg trygt seie no, etter tretti år og endå fleirebøker, at livet og litteraturen går vidare, det er så fryktelegmange bøker der ute, og alle fortener ikkje å bli lesne,men mange av dei gjer det, og om dei ikkje har nokonavgjerande innflytelse på livet, så kan dei likevel gjerenoko med deg. Til dømes gi deg gleder du bør unne deg.

For min del er eg absolutt tilbake i fiksjonens verd,med trua på at ein kan finne noko der som ein ikkje finnandre stader. Noko som ikkje er nødvendig for alle men-neske, men for dei som ein gong oppdaga at lesing kan hanoko føre seg. Noko som er reint påfunn, men som like-vel kan vere meir sant enn noko anna. Og eg synest deteigentleg er litt gripande med alle desse menneska som sitder ved sine skrivebord og lagar historier for oss lesarar,utan særleg tru på at dei vil ha mykje igjen for det, øko-nomisk eller sosialt.

Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A 08-03-11 14:32 Side 19