7
MUSEA I SOGN OG FJORDANE NORSK KVERNSTEINSENTER KVERNSTEINSLAUGET FOLKEAKADEMIET HYLLESTAD HYLLESTADSEMINARET 2015 25. – 26. APRIL KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? Målsetjinga med Hyllestadseminaret er å spreie kunnskap om kvernsteinsdrifta og nærliggjande tema både innanlands og utanlands, og å gjere verda medvitne om kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av. Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern- steinslandskapet. Det er ope for ALLE interesserte, både fag- og lekfolk. Det tradisjonelle og populære Hyllestadseminaret blir i år arrangert saman med sjølvaste Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR). NDR er landets fremste miljø innan steinhoggarhandverket. Vi får også besøk av andre handverkarar som skal snakke om og vise fram sitt fag. Det blir fleire innlegg om bevaring av immateriell kulturarv. I tillegg blir det som vanleg mykje sosialt og stor middag! Målet er å fremme forståing for steinhandverk i dagens Noreg, og å diskutere kva betydning dette har hatt og skal ha i fram- tida - også i Hyllestad. Gjennom kvernsteinsindustrien var bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen- gige av, ikkje minst for å formidle historia til alle som besøker oss. Korleis gjer vi dette på lang sikt? Meld deg på innan 11. april og vær vel møtt til ei spennande helg i Hyllestad!

KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? · bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? · bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige

Musea i sogn og fjordanenorsk kvernsteinsenter

kvernsteinslauget folkeakadeMiethyllestad

HYLLESTADSEMINARET 2015 25. – 26. APRIL

KORLEIS TEK VI VARE PÅTRADISJONELT STEINHANDVERK?

Målsetjinga med Hyllestadseminaret er å spreie kunnskap om kvernsteinsdrifta og nærliggjande tema både innanlands og utanlands, og å gjere verda medvitne om kva ressursar vi sit med, skal ta vare på og hauste av.

Seminaret er ein kombinasjon av forelesingar og opplevingar i kvern-steinslandskapet. Det er ope for ALLE interesserte, både fag- og lekfolk.

Det tradisjonelle og populære Hyllestadseminaret blir i år arrangert saman med sjølvaste Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR). NDR er landets fremste miljø innan steinhoggarhandverket. Vi får også besøk av andre handverkarar som skal snakke om og vise fram sitt fag. Det blir fleire innlegg om bevaring av immateriell kulturarv. I tillegg blir det som vanleg mykje sosialt og stor middag!

Målet er å fremme forståing for steinhandverk i dagens Noreg, og å diskutere kva betydning dette har hatt og skal ha i fram-tida - også i Hyllestad. Gjennom kvernsteinsindustrien var bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige av, ikkje minst for å formidle historia til alle som besøker oss. Korleis gjer vi dette på lang sikt?

Meld deg på innan 11. april og vær vel møtt til ei spennande helg i Hyllestad!

Page 2: KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? · bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige

PROGRAM LAURDAG 25. APRIL STED: HYLLESTAD SKULE MØTELEIAR: MAGNE VELURE 09.30 Frammøte på Hyllestad skule Registrering, kaffe

10.00 Opning av seminaret Franziska Rüttimann Storemyr, Norsk Kvernsteinsenter Musikalsk innlegg: Hyllestad og Fjaler Kulturskule

10.20 Handverk som kunnskapssystem Magne Velure, Velure rådgjevning

10.50 Steinhoggarane – kven var dei? – Ein reise gjennom rom og tid. Per Storemyr, Norsk Kvernsteinsenter

11.20 PAUSE

11.40 Fire steinhandverk og sine utøvare: Morten Kutschera, flintsmed Roy Harald Brendsdal og Torbjørn Løland, kvernsteinshogging Eva Stavsøien, steinhoggar for Nidarosdomen Per Gunnar Silseth, skrifthoggar

13.15 LUNSJ på Hyllestad Skule

14.00 Spasertur til Kvernsteinsparken

14.15 Omvisning i Kvernsteinsparken og demonstrasjon av handverk Elevar frå Hyllestad skule

15.15 Handverkspresentasjon i Kvernsteinsparken med: Roy Harald Brendsdal Morten Kutschera Torbjørn Løland Per Gunnar Silseth Eva Stavsøien

16.15 Diskusjon i Storehuset

17.00 Programslutt

19.15 – 19.45 Nettverksmøte med Kvernsteinskommunane, Hotel Sognefjord

20.00 MIDDAG på Hotel Sognefjord, Leirvik

Page 3: KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? · bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige

PROGRAM SØNDAG 26. APRIL STED: HYLLESTAD SKULE

10.00 Handverk som immateriell kulturarv Atle Ove Martinussen, Museumssenteret i Hordaland

10.30 Korleis kan musea ta ansvar for handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv Gunnhild Systad, Musea i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Museum

11.00 PAUSE

11.15 Framtida av handverk i den moderne steinindustrien Tom Heldal, Norges Geologiske Undersøkelse

11.45 Avsluttande diskusjon

12.15 LUNSJ

13.15 Programslutt

Page 4: KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? · bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige

FOREDRAGSHALDERE

ROY HARALD BRENDSDALRoy Harald Brendsdal er utdanna tømrar og jobber som det, samtidig som han går på fagskule, på linja byggfag. Som elev ved Hyllestad skule fekk han opplæring i mellom anna kvernsteinshogging og formidling av kvernsteinshistoria. Han etablerte svært ung sitt eige firma for produksjon av handkverner. Roy Harald Brendsdal er ein aktiv ungdom, som parallelt med litt anna også driv med kvernsteinshogging. Norsk Kvernsteinsenter bruker Roy Harald både i formidlings- og opplæringssamanheng.

TOM HELDALTom Heldal er geolog og avdelingsdirektør ved Norges geologiske undersøkelse (NGU). Han har arbeidd med blant anna nye og gamle steinbrot i 30 år og er ein av Noregs fremste ekspertar på temaet. Han har kartlagd steinbrotlandskapet i Hyllestad, vore sentral innan utvikling og gjennomføring av store FoU-prosjekt om gamle steinbrot og har også ei stor interesse for formidling av geologi.

MORTEN KUTSCHERAMorten Kutschera er ein av Nordens fremste flintsmedar, ekspert på steinalderens teknologi og blant pionérane innan eksperimentell arkeologi i Noreg. Han driv for tida firmaet Kutschera Crafts, som har spesialisert seg på levande arkeologiformidling og produksjon av forhistoriske replika, men han har brei og mangeårig erfaring med populærvitenskapeleg formidling av arkeologi og kulturhistorie: utstillingar, nettressursar, skilting og tilrettelegging av kulturminner, TV-produksjonar, foredrag, undervisning, mm. Etter mange år med hovudfokus på Noreg og norsk materiale, har han i større grad begynt å jobbe internasjonalt.

TORBJØRN LØLANDFormidlingsleiar ved Norsk Kvernsteinsenter. Har sidan tidleg på 1990-talet vore medverkande i utviklinga av det som i dag er Norsk Kvernsteinsenter. Han har spela ei sentral rolle i studie- og vidareføring av handverket knytt til kvernsteinshistoria i Noreg. Driv og sitt eige firma Åfjordstein, der han produserer funksjonelle handkverner samt suvenir- og bruksting som kan relaterast til kvernsteinshistoria.

ATLE OVE MARTINUSSENUtdanna historikar (cand. philol.) ved Universitetet i Bergen. Martinussen er direktør for Museumssenteret i Hordaland og har arbeidd før det ved Lillehammer museum (Maihaugen ) i Norsk håndverksinstitutt. Han har lang erfaring innanfor museumsarbeid og kulturminnevern nasjonalt og internasjonalt. Han har skrive fleire fagartiklar om immateriell kulturarv, vidareføring av tradisjonell handverkskunnskap, innovasjon og teknologi i norske og internasjonale tidsskrift. Han har arbeidd særlig med handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv med vekt på utvikling og verdiskaping.

PER GUNNAR SILSETHPer Gunnar Silseth arbeidd med bearbeiding av stein sidan 1971. På 1980 og 1990-talet var han deltids faglærar på Fræna Videregående skule ved steinfaglinja der. Har sidan 1998 drive eige firma med skrifthogging og service på gravstein rundt om i Noreg.

Page 5: KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? · bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige

FOREDRAGSHALDERE

PER STOREMYRPer Storemyr er geoarkeolog og tok sin doktorgrad om forvitring og bevaring av Nidarosdomen i 1997. Han har arbeidd med gamle steinbygningar, steinbrot og bergkunst i 25 år, og har erfaring frå blant anna Noreg, Egypt og Sveits. Han driv sitt eige firma (www.per-storemyr.net) og er frå hausten 2014 også tilsett som førsteamanuensis ved Norsk Kvernsteinsenter.

EVA STAVSØIENEva Stavsøien er restaureringsteknikar med steinhogging som hovudarbeidsområde. Ho tok utdanninga si hos Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) i Trondheim der ho fortsatt er tilsett. Ho har svennebrev i bearbeiding av stein og ei bachelorgrad i «Teknisk bygningsvern og restaurering». Eva Stavsøien har over tid utvikla ei spesiell interesse for det som blir kalla «taus kunnskap» i utøvinga av handverket; altså alle prosessar og avgjerder som er med på å bestemme utfallet av eit arbeid. Dessutan held ho no på med ei mastergrad i kulturminneforvaltning.

GUNNHILD SYSTADGunnhild Systad er utdanna folklorist ved Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med mykje forskjellig innafor kulturhistorie, m.a. kulturminnevern i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei siste 20 åra har ho vore direktør ved Sunnfjord Museum, i dag ein avdeling i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Sunnfjord Museum er tildelt eit særleg ansvar for handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv innafor Musea i Sogn og Fjordane.

MAGNE VELUREMagne Velure har arbeidd i og med museum i meir enn 40 år, med røynsle både frå Noreg og Sverige. Dei seinaste 20 åra har han vore knytt til Kulturdepartementet, der han m.a. har hatt ansvar for det store byggjeprosjektet på Vestbanen, der Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design skal få eit nybygg på over 54 000 kvm i 2019. Han har også brei røynsle med kulturpolitikk i UNESCO-samanheng, m.a. konvensjonen om immateriell kulturarv frå 2003 og den såkalla 2005-konvensjonen om å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk. Arbeider no med konsulentoppdrag. Sjå nærare informasjon på www.jakobvelure.com.

Fagnemnda for Hyllestadseminaret 2015:Atle Ove Martinussen, Direktør for Museumssenteret i HordalandNorsk Kvernsteinsenter

Page 6: KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? · bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

PÅMELDINGSend epost til [email protected] innan laurdag, 11. april 2015

DELTAKARAVGIFT (INKL. LUNSJ)1 dag kr. 4002 dagar kr. 700

Middag på Hotel Sognefjord er ikkje inkludert. Faktura vart sendt ut etter seminaret.

OVERNATTINGHotel Sognefjord, Leirvik, www.hotelsognefjord.no, 5 km frå Hyllestad sentrumLavik Fjordhotell, Lavik, www.lavikfjordhotell.no, 20 km frå Hyllestad sentrumStorelia hytter og motell, Sørbøvåg, 95 89 36 89, [email protected], 10 km frå Hyllestad sentrum

Ta kontakt dersom du får problem med overnatting, vi skal gjerne hjelpe til.

REISEFly Til Bergen (Flesland flyplass) eller Førde (Bringeland flyplass)Hurtigbåt Frå Bergen, Sogndal, Nordfjord til Rysjedalsvika (www.norled.no) Bussar Diverse ekspressbussar som stoppar i Lavik (www.ruteinfo.net) Taxi Leirvik Taxi, 57 78 81 00

Page 7: KORLEIS TEK VI VARE PÅ TRADISJONELT STEINHANDVERK? · bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi faktisk framleis er heilt avhen-gige

KART

STOREHUSET IKVERNSTEINSPARKEN

STATOIL

HYLLESTAD SKULE

TIL LEIRVIK

TIL SØRBØVÅG

HYLLESTAD