18
Kategori Infotype Tekst Namn på studieprogrammet, nynorsk Bachelorprogram i nordisk Navn på studieprogrammet, bokmål Bachelorprogram i nordisk Name of the programme of study, English Bachelor’s Programme in Scandinavian Studies?? Namn på grad Name of qualification SP_GRADEN Bachelor i nordisk Omfang og studiepoeng ECTS credits SP_OMFANG Bachelorprogrammet i nordisk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til tre år. Fulltid/deltid Full-time/part-time SP_FULLDEL Fulltid Undervisningsspråk Language of instruction SP_SPRAK Norsk (ev. dansk og svensk) på dei fleste emna i spesialiseringane. Engelsk på nokre emne innanfor studieretning i norrøn filologi. På frie emne kan undervisningsemnet vere engelsk, eller framandspråk på dei ulike framandspråksstudia. Studiestart - semester SP_START Haust 1

folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Kategori Infotype TekstNamn på studieprogrammet, nynorsk

Bachelorprogram i nordisk

Navn på studieprogrammet,bokmål

Bachelorprogram i nordisk

Name of the programme of study,English

Bachelor’s Programme in Scandinavian Studies??

Namn på grad

Name of qualification

SP_GRADEN Bachelor i nordisk

Omfang og studiepoeng

ECTS credits

SP_OMFANG Bachelorprogrammet i nordisk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til tre år.

Fulltid/deltid

Full-time/part-time

SP_FULLDEL Fulltid

Undervisningsspråk

Language of instruction

SP_SPRAK Norsk (ev. dansk og svensk) på dei fleste emna i spesialiseringane. Engelsk på nokre emne innanfor studieretning i norrøn filologi.På frie emne kan undervisningsemnet vere engelsk, eller framandspråk på dei ulike framandspråksstudia.

Studiestart - semester

Semester

SP_START Haust

Mål og innhald

Objectives and content

SP_INNHALD Nordiske språk, er i tillegg til norsk, dansk, færøysk, islandsk og svensk, inkludert tidlegare historiske steg. Norsk som andrespråk er norsk lært i Noreg av menneske med eit anna språk som morsmål. Nordisk litteratur omfattar dei litteraturane som er skrivne på dei nordiske språka i moderne og eldre tid.

Bachelorprogrammet i nordisk har tre studieretningar: studieretning i nordisk språk og litteratur, studieretning i norrøn filologi og studieretning i norsk som andrespråk. Programmet gir grundige innføringar i nordiske språk og nordisk litteratur, med ulike fokus avhengig av studieretning.

1

Page 2: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Studieretning i nordisk språk og litteratur

Målet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn. Hovudvekta ligg på norsk. Utanom norsk (bokmål og nynorsk) femner dei nordiske språka om dansk, svensk, islandsk og færøysk.

Reint praktisk skal studiet gi grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk og kompetanse for undervisning i ulike skuleslag (i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning) og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrkestilhøve.

Studieretning i norrøn filologi

Studiet i norrøn filologi gir ei grundig innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og begge vert sette inn i eit vidare kulturelt perspektiv.

Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i over 500 år, frå landnåmet av Island til byrjinga av 1400-talet.

Studieretning i norsk som andrespråk

Studiet i norsk som andrespråk skal gi ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk og verte integrerte i det norske samfunnet. Reint praktisk skal studiet gi grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk.

Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar i ulike skuleslag.

Læringsutbytte SP_UTBYTTE Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

2

Page 3: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Required learning outcomes

Kunnskap:

Kandidaten

har brei og grundig kunnskap om grammatikk og lydlære, enten for moderne norsk eller for norrønt har grundig kunnskap om litteratur, enten generelt frå norrøn til moderne tid, eller konsentrert om norrøn eller

moderne tid

Ferdigheiter:

Kandidaten

kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om dei aktuelle delane av nordisk språk og litteratur

kan analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk kan gi opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i dei aktuelle delane av nordisk språk og litteratur

Generell kompetanse

Kandidaten

kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå aktuelle delar av nordistikken kan arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget kan planleggje og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang kjenner til fagrelevante etiske problemstillingar

Studieretning i nordisk språk og litteratur

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

3

Page 4: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

 Kunnskap:

Kandidaten

har brei og grundig kunnskap om norsk lydlære, grammatikk og ordforråd har grundig kunnskap om moderne skriftspråkshistorie (bokmål og nynorsk) har grundig kunnskap om norsk språkhistorie (munnleg språk) og norske dialektar har noko kjennskap til tilsvarande forhold som gjeld norrønt språk og dei andre levande nordiske språka

(dansk, svensk, islandsk og færøysk) har godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur frå norrøn tid til samtida kjenner sentrale nordiske forfattarskapar har brei og grundig kunnskap om dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar

av dei kan skilje sakprosa frå andre litterære sjangrar, og gjere greie for viktige undergrupper av sakprosa

Ferdigheiter:

Kandidaten

kan skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om

nordiskfaglege emne kan analysere og drøfte språklege og litterære problemstillingar på ein fagleg måte kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk kan gi opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg

utforming

Generell kompetanse

Kandidaten

kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken kan arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget kan planleggje og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang

Studieretning i norrøn filologi

4

Page 5: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

har brei og grundig kunnskap om det norrøne språket og språkrelaterte samfunnstilhøve i norrøn tid har grundig kunnskap om norrøn dikting og dei ulike norrøne tekstsjangrane har kjennskap til sentrale drag ved norrøne samfunnstilhøve og norrøn mytologi

Ferdigheiter:

Kandidaten

kan lese norrøne tekstar på eiga hand, med bruk av ordbok kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om norrønt

språk og norrøn litteratur og kultur kan analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk kan gi opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norrønt språk og norrøn litteratur

Generell kompetanse

Kandidaten

har kjennskap til filologisk verksemd generelt kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi kan arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget

kan planleggje og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang

Studieretning i norsk som andrespråk

5

Page 6: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

har brei og grundig kunnskap om norsk lydlære, grammatikk og ordforråd har grundig kunnskap om moderne skriftspråkshistorie (bokmål og nynorsk) har solid kunnskap om andrespråkstileigning og -undervisning og tilhøvet til det norske språket har kjennskap til bruken av ulike slag tekstar i andrespråkstileigning og -undervisning har noko kunnskap om sentrale aspekt ved vurdering og testing av språkleg dugleik har godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur, med vekt på 1900-talet kjenner dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei kjenner sentrale nordiske forfattarskapar

Ferdigheiter:

Kandidaten

kan skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om

nordiskfaglege og andrespråksrelaterte emne kan analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk kan gi opplæring og rettleiing i bruken av norsk som andrespråk kan rettleie lærarar med elevar i norsk som andrespråk

Generell kompetanse:

Kandidaten

kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar som gjeld nordistikken og andrespråkstileigning og -undervisning

kan arbeide aktivt for å styrkje sine eigne kunnskapar og dugleikar i faget

6

Page 7: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

kan planleggje og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang

Opptakskrav

Admission requirements

SP_OPPTAK Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Recommended previous knowledge

SP_ANBFORK Gode kunnskapar og skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, helst karakteren 4 eller betre frå vidaregåande skule.Gode leseferdigheiter i engelsk.

Innføringsemne

Introductory courses

SP_INNFORI Examen philosophicumExamen facultatum: Språk og kommunikasjonExamen facultatum: Tekst og kultur

Obligatoriske emne

Compulsory units

SP_OBLIGAT Følgjande emne er obligatoriske på dei ulike studieretningane:

Studieretning i nordisk språk og litteratur: NOLI102 NOLI103 NOSPAN101 NOSP105 NOSP106 NOLI256 eller NOSP256 ISL103 eller ISL104 eller NOFI101 eller NORAN200 eller RET205 eller kombinasjonen av NOFI106 pluss

NOFI112

Studieretning i norrøn filologi: NOFI101 NOFI106 NOFI107 NOFI108 NOFI109 NOFI110 NOFI112

7

Page 8: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

NOFI250 ISL103 eller ISL104

Studieretning i norsk som andrespråk: NOSPAN101 NORAN105 NORAN106? NORAN107 NORAN200 NORAN250 NOLI102-N NOLI213

Spesialisering

Specialisation

SP_SPESIAL Følgjande emne utgjer spesialiseringa på dei ulike studieretningane:

Studieretning i nordisk språk og litteratur: NOLI102 NOLI103 NOSPAN101 NOSP105 NOSP106 NOLI256 eller NOSP256 ISL103 eller ISL104 eller NOFI101 eller NORAN200 eller RET205 eller kombinasjonen av NOFI106 pluss

NOFI112

Studieretning i norrøn filologi: NOFI101 NOFI106 NOFI107 NOFI108 NOFI109 NOFI110 NOFI112 NOFI250

8

Page 9: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

ISL103 eller ISL104

Studieretning i norsk som andrespråk: NOSPAN101 NORAN105 NORAN106? NORAN107 NORAN200 NORAN250 NOLI102-N NOLI213

Tilrådde valemne

Recommended electives

SP_VALGFRI Ei spesialisering i nordisk kan kombinerast med mange ulike andre emnekombinasjonar. Det vil ofte vere tilrådeleg å ta alle dei frie studiepoenga innanfor eitt fag.

Nordisk språk og litteratur kan til dømes kombinerast med eit framandspråk eller eit anna skulefag.

Norrøn filologi kan til dømes kombinerast med historie, arkeologi eller eldre kunsthistorie.

Norsk som andrespråk kan til dømes kombinerast med eit framandspråk.

Rekkefølgje for emne i studiet

Sequential requirements, courses

SP_REKKEFO Dei ulike studieretningane har slike tilrådde (ikkje obligatoriske) rekkjefølgjer mellom emna:

Studieretning i nordisk språk og litteratur:

Normalløp: 1. semester (haust): ex.phil., ex.fac. Språk og kommunikasjon og ex.fac. Tekst og kultur 2. semester (vår): NOLI102 og NOSPAN101 3. semester (haust): NOLI103, NOSP105 og NOSP106 4. semester (vår): (a) NOLI256 eller NOSP256 og (b) ISL104 eller NOFI101 eller RET205 eller

kombinasjonen av NOFI106 pluss NOFI112 5. og 6. semester (haust og vår): frie studiepoeng

Alternativt løp 1:

9

Page 10: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

4. og 5. semester (vår og haust): frie studiepoeng 6. semester (vår): (a) NOLI256 eller NOSP256 og (b) ISL104 eller NOFI101 eller RET205 eller

kombinasjonen av NOFI106 pluss NOFI112

Alternativt løp 2: 4. semester (vår): frie studiepoeng 5. semester (haust): (a) NOLI256 eller NOSP256 og (b) ISL103 eller NORAN200 6. semester (vår): frie studiepoeng

Studieretning i norrøn filologi:

NOFI101 må takast før NOFI107, NOFI108, NOFI109, NOFI110 og NOFI250.

Normalløp: 1. semester (haust): ex.phil., ex.fac. Språk og kommunikasjon og ex.fac. Tekst og kultur 2. semester (vår): NOFI101, NOFI106 og NOFI112 3. semester (haust): NOFI107, NOFI108, NOFI109 og NOFI110 4. semester (vår): NOFI250 og ISL104 5. og 6. semester (haust og vår): frie studiepoeng

Alternativt løp 1: 4. og 5. semester (vår og haust): frie studiepoeng 6. semester (vår): NOFI250 og ISL104

Alternativt løp 2: 4. semester (vår): frie studiepoeng 5. semester (haust): NOFI250 og ISL103 6. semester (vår): frie studiepoeng

Studieretning i norsk som andrespråk:

Normalløp:

10

Page 11: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

1. semester (haust): ex.phil., ex.fac. Språk og kommunikasjon og ex.fac. Tekst og kultur 2. semester (vår): NOSPAN101, NORAN105 og NOLI102-N 3. semester (haust): NORAN106, NORAN107 og NORAN200 4. semester (vår): NORAN250 og NOLI213 5. og 6. semester (haust og vår): frie studiepoeng

Alternativt løp: 4. og 5. semester (vår og haust): frie studiepoeng 6. semester (vår): NORAN250 og NOLI213

Delstudium i utlandet

Study period abroad

SP_DELSTUD

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

SIGNE MÅ SUPPLERE MED DEI GJELDANDE AVTALANE.

Arbeids- og undervisningsformer

Teaching and learning methods

SP_ARBUND

(Erstatter SP_UNDMETO )

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, oppgåveseminar, kollokvium.På ein del emne skriv studentane oppgåver som dei får tilbakemelding på frå faglæraren, og på somme emne bidreg studentane til undervisninga ved å få ansvar for avgrensa delar av pensumet.

Vurderingsformer

Assessment methods

SP_VURDERI Det vert nytta heimeeksamenar av ulike lengder rettleidde oppgåver skriftlege skuleeksamenar munnlege eksamenar mappevurderingar

11

Page 12: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Litteraturliste

Reading list

Litteraturlister vert kunngjorde på Mitt UiB for dei ulike undervisningsemna.

Listene vil vere klare innan 1. juni eller 1. januar for det kommande semesteret.Karakterskala

Grading scale

SP_KSKALA Bokstavkarakterar på alle emne som inngår i spesialiseringane.

På andre emne kan «bestått» / «ikkje bestått» bli brukt.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Diploma and Diploma Supplement

SP_VITNEM Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Access to further studies

SP_KOMPETA Studieretning i nordisk språk og litteratur og studieretning i norsk som andrespråk er grunnlag for opptak til masterprogram i nordisk, studieretning i nordisk språk og litteratur. Fram til ### er desse studieretningane grunnlag for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning under føresetnad av at studenten har 60 studiepoeng i eit anna skulefag enn norsk/nordisk.

Studieretning i norrøn filologi er grunnlag for opptak til masterprogram i nordisk, studieretning i norrøn filologi.Relevans for arbeidsliv

Employability

SP_ARBLREL Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid overalt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Bachelor i nordisk språk og litteratur eller i norsk som andrespråk med minst 60 studiepoeng i eit skulefag i tillegg til norsk som andrespråk kan kombinerast med praktisk-pedagogisk utdanning og gi undervisningskompetanse i skuleverket.

Evaluering

Evaluation

SP_EVALUER Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

SP_AUTORIS

12

Page 13: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Suitability and authorisationProgramansvarleg

Programme committe

SP_FAGANSV Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Administrative responsibility

SP_ADMANSV …. fakultet … v/ …. institutt … har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Contact information

SP_KONTAKT [email protected] 55 58 xx xx

13

Page 14: folk.uib.nofolk.uib.no/hnoiu/nordisksprak/v17/HF2018_v17/Planframl…  · Web viewMålet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare

Mal for forside til studieplanar ved UiB:

Studieplan for ………………………………………………………………. (Namn på studieprogrammet, nynorsk)

………………………………………………………………. (Navn på studieprogrammet, bokmål)

………………………………………………………………. (Name of the programme of study, English)

Godkjenning:

Studieplanen er godkjend av:

Universitetsstyret: …………………………………….(dd.mm.år)

Programstyret: …………………………………….(dd.mm.år)

…………….. fakultet: .…………………………………….(dd.mm.år)

Studieplanen vart justert: …………………………………….(dd.mm.år)

Evaluering:

Studieprogrammet vart sist evaluert: …………………………………….(dd.mm.år)

Neste planlagde evaluering: …………………………………….(dd.mm.år)

14