4
Alle skal med Kommunevalgprogram 2011 - 2015 Tokke Arbeiderparti Ordførarkandidat Hilde Alice Vågslid og varaordførarkandidat Kjell Magne Grave. Hilde er 45 år og har følgjande politisk erfaring: • 6 periodar i kommunestyret • 4 perioder i formannskapet • 2 perioder som leiar av administrasjonsutvalet • 1 periode i hovudutval for undervisning • 1 periode i teknisk utval Kjell Magne er 50 år og har følgjande politisk erfaring: • 2 periodar i kommunestyret • 1 periode i teknisk utval • 1 periode byggjekomiteen • 1 periode i forliksrådet

Alle Skal Med

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Her er valprogrammet for Tokke Arbeiderparti

Citation preview

Page 1: Alle Skal Med

Alle skal med

Kommunevalgprogram 2011 - 2015

Tokke Arbeiderparti

Ordførarkandidat Hilde Alice Vågslid og varaordførarkandidat Kjell Magne Grave.

Hilde er 45 år og har følgjande politisk erfaring:• 6 periodar i kommunestyret• 4 perioder i formannskapet• 2 perioder som leiar av administrasjonsutvalet• 1 periode i hovudutval for undervisning• 1 periode i teknisk utval

Kjell Magne er 50 år og har følgjande politisk erfaring:• 2 periodar i kommunestyret• 1 periode i teknisk utval• 1 periode byggjekomiteen• 1 periode i forliksrådet

Page 2: Alle Skal Med

Næringsutvikling og arbeidsplassarAttraktive arbeidsplassar er eit grunnleggjande premiss for å få unge til å flytte til Tokke. Vi skal gå i front for at Tokke skal bli ein kommune som skal vere aktiv som utviklingsaktør og tilretteleggjar.

Tokke Arbeidarparti vil:• Utvikle og marknadsføre næringsområda i Høydalsmo• vere aktive for å sikre nyetableringar og god kontakt med næringslivet i kommunen• arbeide for eit stabilt heilårs overnattingstilbod • vidareutvikle næringssamarbeidet i Vest-Telemark • vidareutvikle og styrke regionsamarbeidet • arbeide for å betre vegane og infrastrukturen i kommunen - pådrivar for opprusting av E134 - få vegen Høydalsmo – Dalen inn i planane - pådrivar for høgfartsbane over Haukeli. Dette vil auke moglegheitene for jobbpendling og dermed bidra til å oppretthalde busetjinga• vere pådrivar for samarbeid om lik fordeling av statlege stillingar• tilby unge etablerarar ekstra drahjelp i startperioden• reiseliv og turisme er ei viktig næring i kommunen. Tokke kommune må ha særleg god kontakt med næringsaktørar innanfor dette området, og ta ansvar for å vidareutvikle Tokke som turistmål og få turistane til å bli i kommunen - utvikle bryggeområdet på Dalen• stø opp om dei arbeidsplassane me har frå før • leggje til rette for norskopplæring av framandspråklege arbeidstakarar ved å nytte seg av AOF sine kursopplegg • syte for eit godt sommar- og vintervedlikehald på dei kommunale vegane, og oppretthalde desse så lenge det er fastbuande.

Oppvekstvilkår for born og ungeBorna er Tokke kommune si framtid! Derfor vil Tokke Arbeidarparti syte for å oppretthalde eit trygt og godt oppvekstmiljø for born og unge, ved å arbeide for eit godt kommunalt skuleverk, gode barnehagar og eit breitt kulturskuletilbod.

Tokke Arbeidarparti vil:• Stø opp om ungdomsklubbane og frivillige lag og foreiningar i Tokke som er med på å gje born og ungdom ei meiningsfylt fritid• ta born og unge i Tokke kommune med på råd i spørsmål som er viktige for dei - Ungdommens kommunestyre• styrke innsatsen mot mobbing i Tokkeskulane• utvikle eit samarbeid på tvers av skulane i kommunen og dermed utnytte kompetansen maksimalt• styrke samarbeidet for betre overgang mellom barneskule og ungdomsskule• styrke det eksisterande samarbeidet mellom grunn- skule og Vest-Telemark vidaregåande skule• styrke heim-skule samarbeidet for å auke kvaliteten i skulen • sikre eit godt barnevern• arbeide for fritt skuleval i kommunen• utvikle tilbodet om leksehjelp i grunnskulen.

For Arbeiderpartiet er ein trygg og god oppvekst og ein trygg og god alderdom, ei viktig rettesnor for det politiske arbeidet.

Arbeidsplassar og ei meiningsfylt fritid er viktige saker, som er avgjerande for at me skal kunne auke folketalet og ikkje minst hindre fråflytting!.

Tida er overmogen for eit politisk skifte i Tokke. Eit sterkt Arbeiderparti vil gje eit handlekraftig kommunestyre med stor gjennomslagskraft.

Me har lyst og vilje til å gjere Tokke til ein endå betre stad å vekse opp og bu i. Eg er glad i kommunen min og er veldig klar for å overta som orførar i Tokke!

Eg er stolt over lista som Tokke Arbeiderparti stiller med til kommunevalet. Det er ein flott gjeng med stor vilje og engasjement til å gjera ein innsats for kommunen vår.

Dersom du gjev oss di stemme skal me gjere vårt for at Tokke Kommune skal ha ei positiv utvikling i åra framover, med god politisk styring - alle skal med!

Godt val!

Hilde Alice Vågslid,Ordførarkandidat for Tokke Arbeiderparti

Page 3: Alle Skal Med

3. Mette Lillegård Eidsborg

4. Jarle Solbu Høydalsmo

5.MonaSofieSkafså Skafså

6. Håvard Ole Holstaa Dalen

7. Siv Skogheim Byrte

8. Arvid Landvik Dalen

9. Sigrunn Aaland Taraldlien Dalen

10. Kjell Bruland Lårdal

11. Randi Eikåsen Dalen

12. Olav Storåslid Skafså

13. Liv Nygård Smørklepp

14. Einar Hovden Midjåsåsen

Helse og omsorgTokke Arbeidarparti sitt mål med helse- og omsorgs-tenestene er at alle skal få den hjelpa dei treng, når dei treng den. Det må leggjast meir vekt på førebygging for alle Tokke sine innbyggjarar.

Tokke Arbeidarparti vil:• Sikre ei verdig omsorg og eit godt helsetilbod til alle• oppretthalde tilbodet innanfor psykisk helse for born og unge• leggje til rette for at eldre kan bu heime så lenge dei ynskjer det • arbeide for å få til et samarbeid om logopedtenester i Vest-Telemark, slik at behovet er dekt til ei kvar tid• leggje til rette for at heimebuande eldre og funksjons- hemma kan delta på kulturelle arrangement• bruke rådet for eldre og funksjonshemma meir aktivt, og arbeide for at fleire eldre får kommunale verv• gå imot privatisering av velferdstenester • oppretthalde eldreombodet i kommunen.

Kultur og miljøEit godt kultur- og fritidstilbod er viktig for innbyggjarane i Tokke. Me ynskjer oss levande grender.

Tokke Arbeidarparti vil:• At frivillige organisasjonar får nytte kommunen sine lokale og gjere tilgjengelegheita betre og enklare• at biblioteka skal ha eit nært samarbeid med skulane, slik at leselysta til born i skulen vert stimulert• auke informasjonen rundt aktivitet som føregjeng i kulturhuset, samfunnshusa og grendehusa

• sikre eit godt kulturskuletilbod til alle som ynskjer det• stø opp om aktiviteten i idrettslaga og gje dei høve til nyskapande tiltak• ta vare på kulturlandskapet – rydde langs vegar og friområde• opprette rasteplassar langs vegane• arbeide vidare for snøskutertrasear• arbeide for lokal forvaltning av motorferdsel i utmark• energibruken i kommunale bygg skal reduserast gjennom ENØK- tiltak og nye bygg skal vere energinøytrale.

Tokke kommunesom arbeidsgjevarTokke Arbeidarparti ser det som svært viktig å ivareta dei tilsette i Tokke kommune.

Tokke Arbeidarparti vil:• Gjere ein aktiv innsats for å redusere bruken av ufrivillig deltidsarbeid i kommunen• leggje til rette for kompetanseheving for tilsette og halde på kompetansen i kommunen• sikre at Tokke har minimum 3 lærlingplassar• sei nei til privatisering og konkurranseutsetjing av skule, eldreomsorg og andre grunnleggjande velferdstenester• auke fokuset på Tokke kommune som arbeidsgjevar og bidra til at det vert ein attraktiv og inkluderande arbeidsplass.

Page 4: Alle Skal Med

15. Solbjørg Frantzen Åmdals Verk

16. Tore Dahle Dalen

17. Anne Helene Jupskås Kvålsgrend

18. Geir Småbrekke Dalen

19. Tove Irene Wrålid Dalen

20. Arne Askje Dalen

21. Laila KarlsenTaraldlien Åmdals Verk

22. Bjørn Bergheim Dalen

23. Unn Breivik Skafså

24. Arne Nordbø Byrte

25. Eva Berge Dalen

26. Tor Øystein Gravdal Dalen

Tokke Arbeiderparti Vi er stolte av Tokke, men vil meir. Vi ynskjer ein kommune der alle er med og der me løyser oppgåvene i fellesskap.

Tokke Arbeidarparti vil:ØAlle skal ha sin plass i samfunnet ØAlle skal ha sine oppgåver i samfunnetØAlle skal kunne bidra til samfunnets utviklingØAlle skal ha rettar og plikter i det fellesskapet som

kommunen er

Tokke Arbeidarparti ynskjer at Tokke skal vere ein moderne, fleksibel, effektiv og servicevenleg kommune. Vi ynskjer å utvikle kvalitet og innhald i tenestene gjennom eit tett samarbeid mellom tilsette, folkevalde og innbyggjarar. Vi ynskjer å sikre at Vest-Telemark vidaregåande skule fortsatt er den attraktive skulen i Vest-Telemark.

Vi ynskjer å styrke samarbeidet på fleire plan, slik som samarbeidet i rådgjevartenesta mellom ungdomsskule og vidaregåande fungerer i dag.Vi ynskjer å auke aktiviteten i Tokke kulturhus og gjere det til ein naturleg møteplass for heile kommunen. Vi ynskjer å sikre og vidareutvikle det gode samarbeidet med nabokommunane og ser det som viktig å mark-nadsføre Vest-Telemark som ein region.

Vi ynskjer å halde straumprisen i Tokke på eit så lågt nivå som moglegVi ynskjer attraktive bustadtomter i heile kommunen, innføring av buplikt i alle bustadar, oppretthalde etableringstilskot ved kjøp/bygging av bustad og stø opp om bulyst-prosjekt.

Tokke Arbeiderparti sin politikk

Tokke Arbeiderparti sine to høgst prioriterte saker i 2011–2015 vil vereØNæringsutvikling og arbeidsplassar

ØAuke i folketalet og hindre fråflyttingMiljømerket trykksak 241 749 Erik Tanche Nilssen AS Miljømerket trykksak 241 749 – Erik Tanche Nilssen AS

Tokke Arbeiderparti 1. Hilde Alice Vågslid Dalen

2. Kjell Magne Grave Dalen 3. Mette Lillegård Eidsborg 4. Jarle Solbu Høydalsmo 5. Mona Sofie Skafså Skafså 6. Håvard Ole Holstaa Dalen 7. Siv Skogheim Byrte 8. Arvid Landvik Dalen 9. Sigrunn Aaland Taraldlien Dalen 10. Kjell Bruland Lårdal 11. Randi Eikåsen Dalen 12. Olav Storåslid Skafså 13. Liv Nygård Smørklepp 14. Einar Hovden Midjåsåsen 15. Solbjørg Frantzen Åmdals Verk 16. Tore Dahle Dalen 17. Anne Helene Jupskås Kvålsgrend 18. Geir Småbrekke Dalen 19. Tove Irene Wrålid Dalen 20. Arne Askje Dalen 21. Laila Karlsen Taraldlien Åmdals Verk 22. Bjørn Bergheim Dalen 23. Unn Breivik Skafså 24. Arne Nordbø Byrte 25. Eva Berge Dalen 26. Tor Øystein Gravdal Dalen