6
196 Anmeldelser Klaus-Christian Kiispert: Vokalsysteme im West- nordischen: Islåndisch, Fdroisch, Westnorweg- isck Prinzipien der Differenzierung. (Linguist- ische Arbeiten 198, Max Niemeyer Verlag.) Tubingen 1988. Målet for forfattaren av denne avhandlinga er å studere utviklinga av vokal- systema i vestnordisk gjennom ca. 1000 år på bakgrunn av generelle påstandar innafor fonologisk naturligheitsteori. På denne måten kan han teste denne teorien mot eit konkret materiale. Viktigast er det å studere det kompliserte forholdet mellom kvalitetsendringar og den store kvantitets- omlegginga som alle vestnordiske dialektar har vore igjennom. Teorien om tendensar i organiseringa og utviklinga av fonologiske sys- tem blir grundig utgreidd i første kapittel ("Theorie") - som utgjer godt over tredelen av avhandlinga. Viktige element i teorien er fysiologiske og akustiske føresetnader for uttale og persepsjon av vokalar. Dessutan viser samanlikningar av mange ulike språk i verda at det fins generelle tendensar for korleis ein bygger opp vokalsystema, dvs. kva fonetiske forskjellar ein lettast utnyttar for å etablere distinkte einingar i vokalsystema. Visse system eller mønster er dermed meir sannsynlige enn andre. Dette kan overprøvas statistisk - og altså forklaras ut ifrå "physiologischer Raum" og "akust- ischer Raum". Men ved fleire høve i framstillinga saknar ein tilvisingar til konkrete språk, f .eks. når det er tale om fleire enn to kvantitetsgradar s. 37. I avsnittet om "Grundzusammenhange bei der Vokalartikulation" s. 13ff. drøftar Kiispert kor vanskelig det er å gi omgrepet 'spenning' eit sjølvsten- dig innhald i forhold til kvalitets- og kvantitetsdistinksjonar. Derfor overraskar og forvirrar det når han fleire gonger seinare i avhandlinga sjølv nyttar seg av denne termen. For nordisk er det ikkje påvist noe empirisk innhald i eit slikt omgrep, og dermed bør ein og vere varsam med å bruke det, sjølv i ein historisk rekonstruksjon. I all hovudsak bygger Kiispert på sekundærlitteratur om dei enkelte vokalsystema han studerer nærare. Det er etter måten godt om monografiar som inneheld analysar av enkeltdialektar. For norske og færøyske dialektar har han dessutan lytta på opptak av naturlig tale for å kontrollere lydverdiane. For islandsk fins det gode kjelder til og analysar av den historiske utvik- linga. For norsk og færøysk blir det meir tale om rekonstruksjon, der det bare delvis fins historiske analysar frå før. Men med dei mange synkrone monografiane som fins, må vestnordisk vere eit ypparlig materiale for dia- krone studium. Eit problem med enkeltbeskrivelsane er at dei er gjennomført etter ulike metodar og beskrivelsesmodellar og skrivne med ulike formål. For eksem- pel kan fonemomgrepet ymse svært mye. Kiispert har gått igjennom analysane og ført dei over til same beskrivelsesmodellen, slik at han har kunna samanlikne dei. Dei åtte vestnordiske dialektane (eller dialektområda) Kiispert har valt

196 Anmeldelser - folk.uib.no

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

196 Anmeldelser

Klaus-Christian Kiispert: Vokalsysteme im West-nordischen: Islåndisch, Fdroisch, Westnorweg-isck Prinzipien der Differenzierung. (Linguist-ische Arbeiten 198, Max Niemeyer Verlag.)Tubingen 1988.

Målet for forfattaren av denne avhandlinga er å studere utviklinga av vokal-systema i vestnordisk gjennom ca. 1000 år på bakgrunn av generellepåstandar innafor fonologisk naturligheitsteori. På denne måten kan hanteste denne teorien mot eit konkret materiale. Viktigast er det å studere detkompliserte forholdet mellom kvalitetsendringar og den store kvantitets-omlegginga som alle vestnordiske dialektar har vore igjennom.

Teorien om tendensar i organiseringa og utviklinga av fonologiske sys-tem blir grundig utgreidd i første kapittel ("Theorie") - som utgjer godtover tredelen av avhandlinga. Viktige element i teorien er fysiologiske ogakustiske føresetnader for uttale og persepsjon av vokalar. Dessutan visersamanlikningar av mange ulike språk i verda at det fins generelle tendensarfor korleis ein bygger opp vokalsystema, dvs. kva fonetiske forskjellar einlettast utnyttar for å etablere distinkte einingar i vokalsystema. Visse systemeller mønster er dermed meir sannsynlige enn andre. Dette kan overprøvasstatistisk - og altså forklaras ut ifrå "physiologischer Raum" og "akust-ischer Raum". Men ved fleire høve i framstillinga saknar ein tilvisingar tilkonkrete språk, f .eks. når det er tale om fleire enn to kvantitetsgradar s. 37.

I avsnittet om "Grundzusammenhange bei der Vokalartikulation" s. 13ff.drøftar Kiispert kor vanskelig det er å gi omgrepet 'spenning' eit sjølvsten-dig innhald i forhold til kvalitets- og kvantitetsdistinksjonar. Derforoverraskar og forvirrar det når han fleire gonger seinare i avhandlinga sjølvnyttar seg av denne termen. For nordisk er det ikkje påvist noe empiriskinnhald i eit slikt omgrep, og dermed bør ein og vere varsam med å brukedet, sjølv i ein historisk rekonstruksjon.

I all hovudsak bygger Kiispert på sekundærlitteratur om dei enkeltevokalsystema han studerer nærare. Det er etter måten godt om monografiarsom inneheld analysar av enkeltdialektar. For norske og færøyske dialektarhar han dessutan lytta på opptak av naturlig tale for å kontrollerelydverdiane.

For islandsk fins det gode kjelder til og analysar av den historiske utvik-linga. For norsk og færøysk blir det meir tale om rekonstruksjon, der detbare delvis fins historiske analysar frå før. Men med dei mange synkronemonografiane som fins, må vestnordisk vere eit ypparlig materiale for dia-krone studium.

Eit problem med enkeltbeskrivelsane er at dei er gjennomført etter ulikemetodar og beskrivelsesmodellar og skrivne med ulike formål. For eksem-pel kan fonemomgrepet ymse svært mye. Kiispert har gått igjennomanalysane og ført dei over til same beskrivelsesmodellen, slik at han harkunna samanlikne dei.

Dei åtte vestnordiske dialektane (eller dialektområda) Kiispert har valt

Anmeldelser 197

seg ut til nærstudium, er islandsk, færøysk, indre-egdsk, sognc/vosse-/hardingmål, sunnmørsk, nordhordlands-/sunnhordlands-/ryfylkemål,fjordemål og halling-/valdresmål. (Halling-/valdresmål kan ikkje reknas tilvestnordisk, men Kuspert har tatt det med til jamføring, ikkje minst medindresognsmål, som han reknar med har stor historisk fellesskap medgrannemålet austom Langfjella.) Eit aksiom for denne type diakrone stu-dium er at alle desse dialektane hadde eit felles utgangspunkt for ca. 1000 årsia, dvs. eldre norrønt.

Hovuddelen av avhandlinga er empirikapittelet (kap. 2), som konkret gårpå dei vestnordiske dialektane. Her drøftar han grundig både kjelde-situasjonen og forskingshistoria. Dessutan går han nøye inn pånøkkelspørsmålet i drøftinga av vokalutviklinga: Samanhengen mellomkvantitetsomlegginga og dei kvalitative utviklingane. Dette spørsmålet pre-siserer han både allmennteoretisk og språkspesifikt.

Etter å ha diskutert den norrøne vokalismen kan forfattaren begynne pre-sentasjonen og drøftinga av utviklinga i dei konkrete dialektane. I dei til-fella der Kuspert har funne eit "intens itetssentrum" for utviklinga i området,blir det lettare å forstå den historiske utviklinga. På Agder er Setesdal eitslikt sentrum, Midtre Sogn er det for Sogn/Voss/Hardanger-området ogSøre Sunnmøre for mye av det nordvestlandske dialektområdet. På bak-grunn av systemutviklinga i desse sentruma blir det enklare å forstå utvik-linga i nabomåla, som enten ikkje har gjennomført lydovergangane likekonsekvent, eller kan ha hatt dei på eit tidligere stadium. Særmerkt for alledei tre nemnte sentruma er diftongeringane av gamle lange vokalar, noesom har gjort det mulig å halde oppe mange opposisjonar i vokalsystemet.

Mange stader stiller Kuspert opp instruktive skjema som viserkorrespondansane mellom dei norrøne vokalane og vokalane i dei modernedialektane. I skjemaa blir det vist korleis forfattaren tenker seg stadia i ut-viklinga med fonemsplittingar og fonemsamanf all. Når desse stadia og kor-responderer med den geografiske variasjonen ein finn i dialektområdet idag, er resultatet sjølvsagt overtydande.

Materialomfanget som forfattaren arbeider med, er enormt stort, ogdetalj rikdommen er overveldande i framstillinga. Der andre forskarar harlansert diakrone analysar, overprøver Kuspert både resonnementa og resul-tata i dei. Dette gjeld særlig færøysk. Denne drøftinga er svært grundiggjennomført. Men det har dessverre ført til at delar av presentasjonane avforskingshistoria blir tatt opp art i sjølve drøftingsdelen. Det skjemmerframstillinga noe.

Endelig kan alle drøftingane av det vidsveimte materialet samanfattasbåde når det gjeld "Entwicklungen" og "Entwicklungsprinzipien". Denneoppsummeringa blir disponert etter "vokalrekker" (="etasjar' ivokalsystemet) i norrønt, dvs. som tverrskurdar gjennom dei tidligaredrøftingane av dei åtte dialektområda. På den måten kan han abstrahere detallmenne or dei konkrete drøftingane, og han kan sjå dei meir i lys av deiallmenne påstandane frå teorien i innleiingskapittelet.

Det gjennomgåande perspektivet med å sjå på "Reihebindungen" impii-

198 Anmeldelser

serer eit aksiom om at vokalane som hører saman i ei rekke, får parallell ut-vikling. Ut ifrå dette sluttar så Kiispert at norrøn é tidlig må ha plassert segutafor rekkesambandet med é-o. Denne vokalen kunne kort og godt ha fåttein noe lågare uttale pga. at det i rekka ("etasjen") under var "ledig plass",ettersom det mangla eit runda tilsvar til é. Ei slik avvikande plassering av<%-en kan vi i dag sjå spora etter både i islandsk og søre sunnmørsk, derdenne vokalen nettopp har fått ei anna utvikling enn é-o: I islandsk har éfalle saman med æ; i søre sunnmørsk har denne vokalen unngått di-ftongeringa som vi finn i é-6, og dessutan viser refleksen av den norrønelange ø-en det særdraget at han faktisk er lågare uttalt enn refleksen av dennorrøne korte ø-en. Det generelle mønsteret for utviklinga av dei lange ogkorte tilsvara er motsett.

Metodisk har det sett visse grenser at Kiispert nøyer seg med å systemati-sere vokaleiningane i 'rekker' ('spalter' er og nemnt), i staden for å ta stegetfullt ut til å analysere vokalsystemet i distinktive drag, slik f.eks. HreinnBenediktsson alt har gjort for islandsk (Benediktsson 1959). For eksempelverkar det ikkje overtydande når Kuspert framhevar den fysiologisk trongeplassen i munnhola som årsak til samanfallet mellom dei norrøne lågevokalane a o g é (s. 172). Med 'runda' som distinktivt drag kan desse tovokalane ha vore uttalt på same stad; og dei to vokalane tok dermed ikkjemeir plass enn éin. Vel så viktig årsak kunne det vere at distinksjonen mel-lom a o g é kompliserte det fonologiske systemet svært mye ettersom dragetrunda blei relevant også for dei bakre vokalane. Dei to hine bakre vokalanevar +runda. Ei slik komplisering stod ikkje i forhold til den svake funksjo-nelle tyngda opposisjonen mellom vokalane hadde i språket; i dei fleste til-fella var g resultat av yngre u-omlyd; det vil seie at g var kombinert med einståande u, og dermed var skiljet å * g redundant.

Når å fall saman med g, blei draget runda redundant for dei bakrevokalane. Det nye systemet av distinktive drag blei på denne måten effek-tivt utnytta; og slike systematiske relasjonar må kunne tene som gode"motiveringar" for språkutviklinga. Men i ein slik analyse må ein altså sjåvidare enn bare til 'vokalrekker'. Det er klart at dét ville auke analyse-arbeidet til denne avhandlinga svært mye, slik at det i så fall måtte settasandre grenser for m ateria lomf anget.

Materialet Kuspert går igjennom, gir ein ypparlig bakgrunn for å disku-tere ein ev. kausalsamanheng mellom kvalitetsforskyvingane i dei bakrevokalane. Det gjør forfattaren s. 281ff. Han refererer teorien om atvokalhevingane har opphav i rundinga av å, som førte til press på 6, somigjen tvinga w-en framover, som i sin tur "pressa på" y-en slik at han bleidelabialisert. Han refererer Larsen 1926:9f. og Christiansen 1944-48:121om denne "Schubkette"-reaksjonen. Mot siste leddet i denne kjeda førerKuspert fram det argumentet at dialektane på dei tre stadene med itakismeinnafor hans undersøkingsområde, framleis har bakre ("kontinental") uttaleav u-cn (s. 286). Og det argumentet er sjølvsagt ein "fulltreffar".

Når dei gjeld resten av kjeda av forskyvingar, refererer han og densynsmåten at det kan ha vore «-en som først flytta ut or bakspalta - enten

Anmeldelser 199

ved diftongering eller ved framskyling - og dermed "drog" 6 oppover, dvs.i ei "Sogkette"-rørsle. Han har sjølvsagt rett i at begge teoriane - om både"Schub-" og "Sog-kette" - "der Uberpriifung in Detail bedarf" (s. 282).Sjølv er han klok nok til å halde på at fleire krefter kan ha verka saman påutviklinga i bakspalta; også dei "nye langvokalane" som oppstår pga.kvantitetsomlegginga, kan ha pressa på kvaliteten åt refleksane av dei nor-røne langvokalane. Og i bakspalta er det av naturlige fysiologiske grunnardårligare plass enn i fremre spalta, slik at presset blir stort. Men Kiispert tarikkje med at den norske standardforklaringa med "Schubkette" bygger påein føresetnad som ikkje eksisterer: Rundinga av å skaper ikkje noe nyttpress på dei bakre vokalane, for det er tale om eit samanfall med Q, som fansder frå før. Eit ev. press måtte i tilfelle ha komme alt ved u-omlyden av å;men det kan vi ikkje sjå spor etter.

I sluttavsnittet av empirikapittelet, "Der Ubergang vom Quantities- zumQualitatssystem", drøftar Kiispert årsak-verknad-forholdet mellomkvalitetsendringane og kvantitetsomlegginga. Han hallar nok mest mot å sjåpå kvalitetsendringane som eit gunstig vilkår for kvantitetsomlegginga.Men dette synet er for vagt framført.

Forfattaren viser og korleis dialektar med diftongering av gamle langevokalar lettast har halde oppe det totale talet på distinksjonar når dei gamlekort- og langvokalsystema blei "skuva inn i kvarandre". Dialektar medopningstendens for gamle kortvokalar har oftare fått samanfall. Dei er lett-are blitt utsett for utjamning og systemforenkling når samfunnet har opp-levd meir samferdsle og sosial kontakt med andre dialektsamfunn.

Kommunikasjon mellom samfunna er einaste ytre påverknadsfaktorensom blir brukt i denne historiske rekonstruksjonen- Kontakt mellom folk fråulike dialektsamfunn skundar på utviklinga og fører til forenklavokalsystem. Som påstand verkar ikkje det urimelig. Men sjølv omforfattaren går inn på dette i eit eige punkt i teorikapittelet, prøver han ikkjeå utvikle noen metodikk for å studere denne faktoren systematisk. Dermedblir påstanden om denne påverknadsfaktoren ingen hypotese som kanoverprøvas. Han blir hengande i lause lufta. Ein stad vi blir mint om dennefaktoren, er i drøftinga av at dialektane på Ytre Nørdre Sunnmøre har eitmeir komplisert system enn på Indre Nørdre Sunnmøre, og Kiispert reknardet som naturlig at denne kompleksiteten vil vike pga. dei livligekommunikasjonane langs kysten. Men kystområda på Nørdre Sunnmøre måi lang tid ha hatt stor samferdsle, og likevel har dialekten både utvikla oghalde på kompleksiteten. Her manglar nok både Kiispert og vi andre eit godtnok grep til å analysere og forstå historisk slike ytre påverknadsfaktorar.

Som vedlegg til avhandlinga følgjer 29 kart, som Kiispert dels har teiknasjølv. Dei er både illustrative og verdifulle for seinare forskarar.

Avhandlinga til Kiispert er eit stort og viktig tilskott til nordiskspråkvitskap. Ingen før har så systematisk samanlikna så mange vokal-system ut ifrå ein forklarande teori. Denne typen samanlikningar er sværtviktige for rekonstruksjonen og forståinga av korleis dialektane har utviklaseg. Mon dei føreset ei oversikt og eit metodisk grep som få har. Kiispert har

200 Anmeldelser

greidd å gjennomføre denne samanlikninga slik at ein verkelig kan sjå kvagenerelle drag som er felles og ulike for dei vestnordiske dialektane.Samanlikninga vil vere til hjelp når ein skal etablere relative kronologiar,dvs. når ein kombinerer ho med det rekonstruksjonsprinsippet forfattarenkallar "diachrone Arealprojektion". Dessutan kan den teoretiske drøftingagi betre forståing for kva som er sannsynlige parallelle særutviklingar, ogkva som trulig må ha eitt felles opphav. Dette siste har vore eitgjennomgåande spørsmål i studiet av eldre islandsk og eldre norsk.

Med den teoretiske innfallsvinkelen og ved å systematisere materialetslik han har gjort, har Kuspert tilført denne disiplinen både ny kunnskap ogny innsikt Sjølve konklusjonane kan vel ikkje seias å vere sensasjonelle,dei bryt ikkje sterkt med tidligare påstandar. Men avhandlinga representererei kvalitativ styrking av ein viktig faglig diskusjon innafor nordiskspråkvitskap. Allmennlingvistisk er avhandlinga og viktig ved at ein gene-rell teori her er utprøvd på eit svært stort materiale. Likevel kan forfattarenkritiseras for at han ikkje utnyttar den grundige teoretiske innføringa først iavhandlinga til sjølv å drøfte i konklusjonen kor brukande den generelleteorien eigentlig var.

Det er ein solid faglig prestasjon å gjennomføre eit slikt stortsamanliknings- og rekonstruksjonsprosjekt. Det er eit imponerande arbeidsom ligg bak å sette seg inn i så mange dialektsystem, standardisere beskri-velsen av dei og handtere dei alle under den samanliknande analysen.

LJTTERATURTILVISINGARBenediktsson, Hreinn 1959. The vowel system of Icelandic: a survey on its history.

I: Word 15:282-312.Christiansen, Hallfrid 1946-48. Norske dialekter. Oslo.Larsen, Amund B. 1926. Sognemålene. Oslo.

Helge Sandøy